onsdag 6. august 2014

Stillhet...

Det har vore ein del spørsmål om kvifor det har vore så stille på bloggen dei siste månedane. Eg har egentlig bare unngått å svare og bare sagt at eg er leide. Men sannheten er vel litt meir enn bare det.. 
Eg har hatt ein tøff vår, med mykje å tenke på og mykje å bekymre meg over. Det meste av det er ordna no og eg kjenne livet begynne å gå rette veien igjen. 

Det har vore litt spekulasjoner og folk som lurer. Nåken har spurt meg rett ut, mens andre har latt vere. Men ja, tidlig på nyåret bestemte eg og Torgeir oss for at vi ikkje ville/kunne vere i lag meir. Det var ein tung avgjerdsle, men vi har jobba mykje med forholdet og gjort vårt beste for å få det til å fungere. Og av og til er det beste bare å sei at nok er nok, og skiljast som venner. Og det har vi gjort, vi er veldig gode venner og veldig enige om at fokuset no er at Vilde skal ha det best mogleg og ha to foreldre som kan kommunisere og samarbeide best mogleg. Det har vore ein tung periode, og en føle seg ganske mislykka når ein ikkje får det til heilt slik ein hadde tenkt. 

Torgeir har vore utrulig kjekk og latt meg bu i huset fram til no i sommar, fram til eg har fått resten av puslespelet på plass. Og det sette eg utrulig pris på, eg veit ikkje kva vi skulle ha gjort viss ikkje. For som alle veit så er ikkje Volda den lettaste plassen å finne seg ein plass å bu. Ting tar tid, folk står i kø for å kapre dei beste leilighetene, og med ei lita ei på nesten 4 år så er det ikkje bare å ta det første og det beste. No har vi endelig fått ein fin og stor leilighet som vi er fornøgde med, og som vi flytta inn i no i midten av juli. Her blir vi nok buande ei stund mens eg skal spare, spare, spare til eigenkapital og forhåpentligvis få kjøpt oss vårt eige etterkvart. 

Ein anna ting som har vore med på å gjort våren tung, er dinne uendelige jobbjakta. Eg hadde eit års vikariat, og etter jul så var det å begynne å jakte på ny jobb. Eg søkte også på spes.ped på skule, og kom inn. Men som aleinemor uten lyst på så mykje meir studielån, så var ikkje det aktuelt. Eg søkte på det som var av jobber, og det var meget få. Men det varte og rakk før eg hørte nåke i det heile tatt. Og jo lenger det gjekk før eg hørte nåke, jo meir sank humøret. Eg vart lettare deprimert og tenkte mykje på kor eg skulle klare meg uten jobb, korleis eg skulle klare å forsørge meg og Vilde uten noko fast inntekt. Mange av dagane var eg so langt nede at eg brukte all energien min på å holde humøret oppe på jobb og mens Vilde var våken, at når kvelden kom så var eg heilt oppbrukt. Her kan eg nok en gang takke Torgeir for at han er ein engasjert og omsorgsfull pappa, som tok med seg Vilde ut for å leike, tok seg av legging osv når eg trengde litt fred/aleinetid. 
Heldigvis så vart det ei løysing på dette problemet til slutt. Og når tilbudet først kom så var det ikkje bare eitt, men fire stk!! Amazing! Det vart eit vanskeleg valg, og eg skulle gjerne ha kombinert to av stillingane. Men eg tok mitt valg, og enda opp som ped.leiar i Sollia barnehage. Det var ein utrulig deilig følelse, og alt begynte å dette på plass. Humøret steig mange hakk, og eg følte at eg klarte å være 100% tilstede igjen! både som mamma, kollega, venninne... 

Sommerferien kom med stormskritt, og gjett om vi har kosa oss. Vi begynte med campingtur til Sverige, eg, Torgeir og Vilde. Vi hadde ei flott lita veke i lag, og hadde det veldig bra. 




Så var det sydentur med to av dei kjekkeste jentene, ei veke i Tyrkia med Cathrin og Eirill. Det var veldig deili å bare koble av, og kose oss i lag bare vi jentene. 




Vi avslutta ferien med eidabesøk og masse familiekos. Tante Marianne, Kaila og Amalie reise tilbake til Grimstad, og tante Kristin blir med dei for å gå på skule. Så disse dagane har vi sugd til oss alt vi har klart, for no er det lenge til vi ser dei igjen. Mamma og eg har allerede begynt å snakke om å ta oss ein tur ned å besøke dei, så det håpe eg vi får til før jul. Kjenne at bare eg skrive om det så blir eg trist, og kjenne savnet klemme rundt hjertet mitt. 


Sånn det var ein kort oppsummering av våren og sommaren min, og ei forklaring på kvifor det har vore så stille her. Eg kan ikkje love at det blir så fryktelig aktivt inn på her, men litt kan det no hende det blir! 
Ha ein fin kveld, og ei fantastisk veke vidare!

2 kommentarer:

  1. Det er ikke alltid ting blir som man tenker, og jeg skjønner at det kan være tung - men du skal vite at vi er utrolig stolt over deg <3 Håper dere koser dere i den nye leiligheta, og at ting blir lettere for dere fremover. Vi bor kanskje langt borte, men vi tenker på dere hver eneste dag !

    SvarSlett
  2. Kjekt det vart aktivitet her, men med eit trist budskap. Kjekt at dokke skiljast som venner og gjer det beste for Vilde :) Lykke til i ny jobb og ny leilighet. Klem frå Janita =)

    SvarSlett