søndag 2. februar 2014

Ferie og vinter?!

No har eg gått å lengta etter snøen i lengre tider. Eg har begynt å miste trua på at det blir nåke skikkeli vinter i år. Vilde spørr ofte om ikkje det kjem snø snart, for ho vil stå på ski, ho vil ake og ho vil lage snømann. Eg skulle ønske der var en måte eg kunne gje ho ein skikkelig vinter, med mykje snø. Og jaggu fant eg ikkje ei løysing på det, eller eg trudde vertfall det. Eg har ei veke i restferie og Torgeir har nok av feriedaga å ta av. Så vi satte ein dato, avtalte med systa og satte kursen mot Grimstad og vinteren. Vi pakka med oss både ski, akebrett og vinterdress. Vi gleda oss til å tilbringe ei veke i kvitt vinterlandskap, og det såg meir og meir lovandes ut jo lenger nedover vi kom oss. Heeeilt til vi passerte Oslo og Drammen, der møtte vi regnet. WTF tenkte eg.. det er sikkert bare forbigåande. Neida, vi våkna opp til dryppande snø, smeltande is og yr i lufta. Bare veia, våte veia og sørpe. Er ikkje det typisk vår flaks?! Og veirmeldingane ser ikkje bedre ut. Regn og sludd heile veka. Flaks vi ikkje pakka med oss regnklede. 

Etter frokost og ei god leikestund inne, så kledde vi på oss for å gå ut ein tur. Jentene fekk leika seg litt i snøen, sjøl om den var lettare våt. Vilde fekk ake litt på rumpa, ete litt snø og bli begravd under ein haug med snø. Vi fant ut at det var best å "kose" oss i snøen før den regna vekk. Akebrett og ski vart liggande i bilen, men vi har eit håp om at morgadagens opplett skal gjere sånn at vi vertfall får testa begge deler ei lita stund. 




Som dåkke ser er det meste av snøen smelta vekk i ei super fart...desverre...

Det var deilig å komme inn igjen etter ein lang tur ute. Kosetid med film og frukt. 

Hedigvis er ikkje turen heilt bortkasta. For vi får nemmelig ei veke med kvalitetstid med nåken av dei beste vi veit, nåken vi savna og tenke på mesteparten av året. Vi skal kose oss mest mulig i lag med systa og dei to beste tantegulla, uansett om det er regn eller snø. 
Vi har hatt ein fantastisk første dag her i Grimstad. Det er så godt å sjå kor fint jentene leika i lag, kor deilig det er å ligge på sofaen å høre barnelatter (og småkrangling) frå soveromma. Vilde prata mykje om Kaila og Amalie resten av året, for dei er bestevenna tenk. Vi skulle ønske vi budde litt nærmare kvarandre, spesielt når ein ser kor mykje glede dei har av kvarandre. Men det at vi bur så langt i frå kvarandre gjer at vi sette så utruli pris på og nyte den tida vi har i lag. Det gjelde å suge til seg all tantetid eg får (og no når lisjetanta ikkje er her, så sleppe eg å konkurrere), kose mest mulig og få med seg alle dei nye tinga som dei har lært sida sist. 

 Tanta og Amalie 
(ja, eg har fått forbud mot å kalle ho Mali. "Nå har du gjort det så lenge, og jeg liker det ikke lenger. Jeg heter Amalie)
Tanta og Kaila! 
"Tihi..eg smilte ikkje. Eg lagde grimase"

Den neste veke skal vi kose oss mest mulig i lag, og Kaila har planlagt ein del ting vi bare MÅÅÅ vere med på. Og so må vi nedom barnehagen ein tur, for å helse på. Dei ville så gjerne vise fram kor dei går i barnehage, ken dei leika med, og ikkje minst kjekke Per som Amalie lika så godt, (så vidt eg har forstått så er han ein av dei ansatte som Amalie har som ein favoritt) og so må vi jo få sjå om "Strenge-Anette" er så streng som Kaila skal ha det til. 

 Stor gjensynsglede. Vilde har lengta sånn etter Bella si! Og endelig får ho vise kor tøffe ho er som tørr å både holde og kose med ein hund.

Og jenta som var fast bestemt på at einaste katten ho likte var tante Kristine og onkel Robert si Lila, har visst fått sansen for Sander-pusen og. Ho sa før ho reiste: "Ej lika itte kvite katta som heite Sander ej". Men det spørst om ho har forandra meining om den saken ja. 

Godt å sjå at lisje pysa som var redd alle slags dyr endelig er begynt å bli litt tøffare i toppen! 

No skal eg legge beina på bordet, nyte stillheten (bortsett fra ein kvit katt og ein liten brun hund som fyke rundt på golvet her), og ladde opp til ein ny og innholdsrik dag i morga! 

God ferie til oss! 


2 kommentarer:

  1. Det høres ut som om dokke får ei koselig veke, uansett om det e snøv eller ikkje!
    Håpe du får fylt opp begeret med tantekos, slik at du leve på det til neste gong du ser dei igjen :)

    SvarSlett
  2. Ferietur høres supert ut, vinter eller ei! Kos dokke med andre imulsa :D

    SvarSlett