torsdag 6. februar 2014

Ferie, avslapping og familie

Da var siste kvelden i Grimstad komt, og vi sitte i kvar vår sofa/stol og nyte stillheten etter at kidsa har sovna. 
Det er heilt fantastisk med ferie. Late daga, minimalt med ting vi faktisk MÅ gjere. Fylle dagane bare med ting vi har lyst å gjere, akkurat når vi har lyst å gjere det. Sove "lenge", og kose oss med rolige morgena. Jentene leika seg veldig fint, for det meste av tida, så eg har utnytta tida godt til å ladde opp batteria. Det er så ufatteli deili å stå opp, ete frokost, slappe av, slumre litt i stolen, for so å starte dagen når eg er virkelig klar for det! 


Mandag hadde vi oss ein skikkelig utedag. Det var opplett og nesten fint veir, og det måtte vi utnytte. Marianne og dei har ein fin leikeplass rett nedafor huset. Vi gjekk ned dit for å leike oss. 






Der var ein god del snø så det var vanskelig å bruke leikeapparata, så da gjekk Torgeir opp for å finne snøspada og laga snøborg. Marianne, Amalie og Vilde ville ikkje vere med på vårt lag så dei lagde si eiga snøborg på andre sida av leikeplassen. Kjekt med litt god, gammaldags snøkrig. 




Etter ein liten tur inn for å få varmen i oss, så var det rett ut for å teste akebretta.




Etter ein kjapp tur ned bakken uttafor huset fant vi ut at den var litt for bratt, så da tok vi turen til ein anna bakke som Marianne visste om. 





Det vart middag til kvelds og ein sløv kveld på sofaen denne dagen. Sånn er det når ein kosa seg sånn i snøen. 

Tirsdag våkna ungane opp med sommafugla i magen. For det var nemmelig den dagen vi hadde lovt ungane middag på kafè og kino på kvelden. Vilde og Eirill var på "Karsten og Petra på vinterferie" forrige veke, og kunne med glede fortelle kor kjekke filmen var og hadde store problemer med å ikkje røpe alt som skjedde i filmen! 
Dagen gjekk i sneglefart, men vi klarte no å få dagen til å gå på magisk vis. Ein liten spasertur på butikken for å kjøpe kinosnop gjorde dagen litt lettare. 

Tre spente jenter klare for kino. Alle kosedyra måtte så klart vere med, to Frøken Kanin og ein Løveungen. 

Det var ikkje så veldig mange som hadde tenkt seg på kino dinne dagen, for å vere meir nøyaktig så var det kun vi som var på kino. Deili å ha kinosalen for seg sjøl. Nesten som å sitte heime i si eiga stue å sjå film. 


Det var tre fornøgde jenter som forlot kinosalen! 

Onsdag var det min tur å sove lenge. Innmari deili. 
Marianne skulle på skulen, så Torgeir stod opp med alle tre jentene og kosa seg i lag med dei til eg kom tuslande inn i stova. 
Når Marianne kom heim frå skulen så pakka vi oss i bilen og satte kursen mot Jumbo leikeland i Arendal. 
Vi har vore der ein gong før og storkosa oss der. Og i dag vart ingen unntak. Vi var der i 5 tima og tida flaug avgårde. 





Torsdagen vart satt av til rein avslapping, uten ein einaste plan på tapeten. 



Marianne skulle ein tur på skulen, og mens ho var der hadde eg planlagt ein liten overraskelse. Ho skulle vere vekk i 4 tima, så vi hadde god tid. Det er morsdag på søndag, og sida ho har vore gjennom ein god del den siste tida, så bestemte eg meg for at ho fortjente ein ekstra fin gave denne morsdagen. Eg tok turen ned til sentrum for å handle inn både gave og utstyr som jentene skulle få lage gave ut av. Men til min store "skrekk" stod Marianne sin bil på tunet når eg kom heim att. Dei hadde overbooka timen, så ho meldte seg frivillig til å ta igjen timen neste veke. 
Haudet mitt gjekk på toppgir, korleis skulle eg løyse ditte?! "Heldigvis" hadde Marianne haudeverk og takka ikkje nei til ein times tid under dyna. Puuh.. da hadde vi god tid til å ordne det vi skulle. 
Eg fylte stuebordet med ark og tusja, og satte jentene i gang med å tegne dei finaste kunsteverk. Dei fekk velge ut dei beste bilda, og putta dei i ramme. I tillegg til bildene fekk ho ei råstilig rosa retro klokka til å ha på veggen. 

Jentene i full kunstnerisk konsentrasjon! 

Det var tre stolte jenter som overrekte gaven til Marianne når ho stod opp! Og ho vart så klart veldig glad. 

Vi avslutta dagen med tacopai og minimuffins før det var leggetid for små prinsesser. 


No nyte eg siste kvelden av ferien, og har ein plan om å ligge på sofaen å sjå film i lag med systa og Torgeir. 

Imorga skal vi vere med å levere jentene i barnehagen før vi begynner på den lange veien heim att! Kjeeedeeeliii... 

1 kommentar:

  1. For en kjekke ferie :) Slepp å reise longt! *følge bloggen* :)

    SvarSlett