laurdag 18. januar 2014

Min og Vilde sin første tur i skitrekket...

Vilde fekk seg sine første slalomski for eit par veker sida. Men det har ikkja akkurat vore snøføre til å bruke dei. Eg og Torgeir hadde oss en tur på Høgenibba forrige helg, men føret i trekket i Hånndalen var ikkje mykje å skryte av. 
Gleda var derfor stor når Bonndalseidet åpna i dag! Torgeir var klar og meinte vi burde ta turen. Eg var litt skeptisk. Mest på grunn av at eg er ei stor pyse, både på vegne av meg sjøl og Vilde. Vilde har aldri stått slalom før, og eg har stått tre ganga, i laussnø, ned frå fjell.. Meen, vi tok no turen opp og eg angra ikkje! Det var kjempe kjekt, både for store og små. 
Vilde lo og flira ned bakkane, og stod som en gud. Og eg ruuuula barnebakken.. tihi.. 

 Vilde er klar og spent..

 Tøffa mi. 

 Første turen i trekket... Vilde fekk stå mellom beina til Torgeir, og det var kjempe stas. Seinare prøvde ho å stå heilt aleine i trekket, og det gjekk fint ei lita stund før ho vart so øsa at ho glømte å passe på at skia gjekk rett fram. 



 Første turane stod ho mellom beina til Torgeir og holdt seg fast i stavane hanna. 

 Men so fekk vi låne ein skisele, og det vart mykje lettare. Da stod ho foran Torgeir, mens han holdt igjen så det ikkje skulle gå så fort. På den måten fekk ho bruke beina skikkeli i steden for å henge på staven. 




Flinkaste jenta mi.
Eg som trudde ho var for pysete og ikkje kom til å synes det var nåke kjekt å renne nedover. Eg tok jammen feil. Vilde storkosa seg, og rann rett i trekket når ho kom ned i botnen av bakken. Hadde ikkje det vore for øyrene så trur eg smilet hadde gått heilt rundt! 

No kryssa vi fingrane for at det blir  meir snø sånn at vi kan renne meir!

2 kommentarer:

  1. Wooow :) Tøffere enn toget er hun ! Gleder oss til dere kommer nedover her <3 Vi nærmer oss meteren med snø !

    SvarSlett
  2. Steik kor tøffe ho e ;)
    Håpa virkelig på snø vi me, va ikkje enkelt å ha "vinter" som tema, når snøen ikkje va her :p

    SvarSlett