søndag 12. januar 2014

Høgenibba

Årets første fjelltur på ski! 

Her er eg med friskt mot og nyter den flotte utsikta opp  mot toppen.. 

Endelig framme..på toppen av Høgenibba, 1191 moh. 
Det var ein veldig fin tur, sjøl om eg fekk lettare "panikk" eit lite stykke frå toppen. Eg såg ned og innsåg kor bratt det egentli var og lurte på korleis i alle dage eg skulle klare å komme meg ned att. 
Torgeir sa vi godt kunne snu viss eg synes det var ekkelt, og eg vurderte det eit lite sekund. 
Men ønske om å nå toppen var større enn frykta for å renne ned att.. 
Nåke eg angra bittert på i etterkant! 
Første del ned att frå toppen var litt i brattaste laget for meg, og eg hadde frykta og redselen langt opp i halsen. Eg vurderte faktisk å ta av meg skia og gå ned att eit øyeblikk.. Men den god støtte og veiledning frå Torgeir, så kom eg med ned det brattaste partiet og da gjekk resten lett som ein leik! 


Veronika i farta! tihi..

Alt i alt så var det ein veldig fin tur, og eg gleda meg allerede til neste fjelltur. Men fram til eg er litt sikrare på meg sjøl og har øvd meg på å renne slalom, så skal eg gå ein plass der det ikkje er fult så bratt!

1 kommentar: