søndag 22. desember 2013

Savn og glede

Den følelsen når du helde nåken du har savna so enromt, i armane dine er heilt fantastisk. Det var so godt å sjå systa og dei to hærligaste tantegulla igjen! Det er hardt for meg at dei bur så langt vekke, og eg savna dei kvart sekund dei er vekke. Og da er det ekstra godt å sjå dei igjen!
Eg kjem ikkje over at lisje tantebabyen min er blitt 5 1/2 år, og skal begynne på skulen til hausten. Og det vise virkeli at ho er ei stor, sjølvstendig og veldig fornuftige jente. Tanta er utruli stolt.

 Lisje Mali-jenta mi. Sjarmiss-jenta mi. Ho er full av latter, smil og glede. Ho smelta hjertet mitt fleire ganga om dagen. 

To gode søskenbarn og venninde.

Og so har eg no fått meg ein ny liten tantebebis.. 
 Søtaste Bella-voffsen. 

 Torgeir er meir enn klar for å gå på tur med lisje Bella. Og med tur så meina eg opp til veien og ned att, for da er Bella både sliten og kald. Søøøtaste..

 Eg og Bella ligge å kosa oss på morgenkvisten.

Vilde er livredd hunda, så eg var veldig spent på kor ho kom til å reagere på Bella. Vi snakka mykje om det i forkant og ho var veldig klar på at ditte skulle gå bra. Men både fredag og lørdag var Vilde meir oppi sofaen enn ned på golvet. Det var frykteli skummelt med ditte lisje vesenet.. 
Men gjett om det var ei stolt jente som endelig tørte å både klappe og holde Bella på søndag. Ho vart ganske tøffe i løpet av søndagen, og synes plutselig det var veldig stas med hunden. 

Ellers har helga gått med til familiebesøk, både i Måløy og på Eid. 
Og eg har endelig fått helse på søtaste jenta til søskenbarnet mitt, Ida. 

Nydeligaste lisje nurket. 

No er vi tilbake i Volda, og eg er klar for siste arbeidsdagen i år. Jobb i morga, og so er det juleferie i  9 daga. Det skal bli godt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar