onsdag 25. desember 2013

Julafta 2013...

Da var den o`store julekvelden over og vi sitte igjen heilt overvelda over kor mange kjekke folk vi kjenner. 
Vi feira julafta med svigers i år, og hadde ein fantastisk dag frå morgen til kveld. Masse god julemat, besøk av julenissen og ikkje minst alle dei flotte gavane. Vilde var heilt i hundre heile dagen, og eg trur ikkje ho satt i ro eit sekund. Ho fekk begynne å åpne pakka tidleg på dagen slik at ho skulle rekke over alle pakkane, og ikkje minst få leike litt med leikane og ikkje bare åpne pakke etter pakke uten å sjå kva det var ho fekk. Det vart litt sånn på slutten, men dei leikane har ho fått utforska godt i dag tidli! 

Vilde var så heldige å finne mandelen i grauten, og da vart det ein liten premie. 

 Etter vi hadde ete oss gode å mette på julegraut, så laga Vilde til eit fat med graut til sjølvaste nissen. Ho satte det på trappa og venta spent på om nissefar kom for å ete. 

 Etter ein liten tur på kirkegården for å sette lys på grava, så kom jammen det nissen på besøk til Vilde. 

 Vilde var veldig spent på om ho hadde vore snill nok til å få pakke med nissen, 
og selfølgelig hadde ho det. 

Nisseklem. 

 Julafta sin første pakke.


 Ein Nemo-bamse og prinsessesnop frå Sindre og Stine. Seinare kom det jammen det eit prinsessepledd og ei London-tskjorte frå samme kanten. 


Vilde fekk veldig mange fine ting, bl.a: Frøken Kanin * 2, puslespel, memory, bok, Nintendo DS, dukkehus, ei nydelig kåpe, barbie, Doktor McStuffins-leike, Furby, kle, Playmo, strikka sett og mykje meir.. 
Ho var super fornøgde med alle gavene, og smilet gjekk nesten heilt rundt. 

 Pappsen og Vilde tok seg ein kvil etter å ha åpna ein heil drøss med gaver. 

 Vilde vart veldig glad etter å ha åpna gaven frå mamma og pappa. 

Doktor McStuffins og Lambi.. 

 Blid å fornøgde etter alle pakkane.. 

Vilde var som sagt heilt i hundre og holdt ut heilt till klokka halv 11. Da var ho rimelig gåen og sovna nesten før ho la haudet på puta. 

Vi var alle veldig fornøgde med kvelden, og vil takke alle sammen, både familie og venner, for alle dei fantastiske gavene vi fekk. Vi er utrulig takknemmelige for alt sammen! 
Vi er heldige.. 

Vilde utforska dukkehuset som ho fekk på julafta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar