søndag 22. desember 2013

Desember

Desember er snart over og vi bevega oss sakte men sikkert over i eit nytt år. Desember er den beste måneden i året, eg elska juletida! Eg har alltid vore glade i jul, men det har bare vorte enda sterkare etter eg vart mamma. Eg gleda meg over alle juletinga eg får gjere i lag med Vilde, eg elska å sjå forventningane og gleden i auene hinna. Det er heilt fantastisk. 
For meg er ikkje det viktig å bake 7 sortar med julekaker, vaske ned heile huset eller ha flotte juleverksted med heile nabolaget. Det viktigaste for meg er at vi er i lag og at vi kosar oss. Førjulstida skal vere minst mulig stress og mas. Vi skal nyte dagane og glede oss til jula.

 Vilde synes det var veldig stas å få eige juletre på rommet. 

 Vi var i lag med Oddbjørn og Signe på "Teskjekjerringas julestri" på teater i Ørsta. 
Det var veldig kjekt! 

 Vilde var på Nissefest i barnehagen.

Verdens finaste nissefrøken. 
 
 Vi har vore i skogen for å hogge juletre. 
Det var ganske mørkt, så da var det greitt med haudelykt på heile gjengen. 



 Og so har vi selfølgelig pynta juletreet! Vilde fekk hovudansvaret, og er veldig stolt over resultatet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar