måndag 9. desember 2013

Årets første fjelltur med ski på beina...

Vi våkna opp til nydelig vinterveir på søndag, og det første Torgeir spurte meg om når eg stod opp var: "Skal vi gå på ski?" 
Eg var litt skeptisk, sida eg ikkje er så god på å stå nedover. Det vil sei, eg kan ikkje stå nedover på ski. Eg er ei kløøøne. 
Men sida det frista so innmari mykje å både teste nye skia mine, og tanken på å bestige enn fjelltopp med ski på beina, så sa eg ja. Nedoverbakken fekk eg ta når den tid kom.. 
Ingunn og Vilde koste seg på Reset med akebrett og langrennski, meda eg, Ola og Torgeir gjekk på Melshornet! 

Eg satte avgårde med friskt mot, og for ein fantastisk tur. Eg rett å slett storkoste meg på turen opp, sett bort i frå dei gongane eg kom på at eg måtte jo faktisk ned att også. 
Det var ein del folk på fjellet denne dagen, og det gjorde ikkje ting akkurat lettare. Men mesteparten av veien opp klarte eg å skyve nedoverbakken vekk, og bare nyte snøen, skia og turen opp. 




Vel oppe fekk vi på oss meir kle, skreiv oss i boka, tok av feller og gjorde skia klare til nedoverturen. Hjertet banka hardt og eg kjente kor eg grua meg til heile greia. Eg angra tilogmed litt på heile turen..
Vips så var han Ola vekk, så da var det bare å følge etter med hjertet i halsen! Eg var livredde heile veien ned att, låk i lår, leggar og anklar. Halvveis ned i måtte eg stoppe for å løsne skoa litt, for da hadde høgre foten sovna. Etter det vart det litt bedre, men frykta var der fremdeles.. 
Eg kom meg ned til slutt og overlevde heldigvis.. Eg datt bare ein gang, men hadde mange pauser for både å roe hjertet og nervane, og for å kvile beina. På vei ned sa eg til meg sjøl at ALDRI meir om eg skulle gå så mykje som på ein liten bakketopp med ski på beina. Men når eg satt i bilen på vei heim, så kjente eg at eg gleda meg litt til neste topptur! Er det mulig sei no bare eg.. 

Eg trur nok at eg skal øve meg litt i trekket før neste topptur, sånn at eg har litt meir teknikk inne. Men aller først må det bli meir snøøø! 

Når vi kom ned att til Ingunn og Vilde, så nekte Vilde å bli med heim att. Ho hadde bestemt seg for at ho skulle ete middag med bestemora og bestefaren. Så da tok eg meg ein god dusj og en velfortjent kvil på sofaen før vi reiste ned å henta frøkna igjen. 

Vi tilbrakte resten av ettermiddagen rundt spisebordet. Pynta pepperkakehjerter og såg Jul i Svingen! 

 " Mamma, ej lika bare rosa og lilla ej"



1 kommentar: