onsdag 25. desember 2013

Julafta 2013...

Da var den o`store julekvelden over og vi sitte igjen heilt overvelda over kor mange kjekke folk vi kjenner. 
Vi feira julafta med svigers i år, og hadde ein fantastisk dag frå morgen til kveld. Masse god julemat, besøk av julenissen og ikkje minst alle dei flotte gavane. Vilde var heilt i hundre heile dagen, og eg trur ikkje ho satt i ro eit sekund. Ho fekk begynne å åpne pakka tidleg på dagen slik at ho skulle rekke over alle pakkane, og ikkje minst få leike litt med leikane og ikkje bare åpne pakke etter pakke uten å sjå kva det var ho fekk. Det vart litt sånn på slutten, men dei leikane har ho fått utforska godt i dag tidli! 

Vilde var så heldige å finne mandelen i grauten, og da vart det ein liten premie. 

 Etter vi hadde ete oss gode å mette på julegraut, så laga Vilde til eit fat med graut til sjølvaste nissen. Ho satte det på trappa og venta spent på om nissefar kom for å ete. 

 Etter ein liten tur på kirkegården for å sette lys på grava, så kom jammen det nissen på besøk til Vilde. 

 Vilde var veldig spent på om ho hadde vore snill nok til å få pakke med nissen, 
og selfølgelig hadde ho det. 

Nisseklem. 

 Julafta sin første pakke.


 Ein Nemo-bamse og prinsessesnop frå Sindre og Stine. Seinare kom det jammen det eit prinsessepledd og ei London-tskjorte frå samme kanten. 


Vilde fekk veldig mange fine ting, bl.a: Frøken Kanin * 2, puslespel, memory, bok, Nintendo DS, dukkehus, ei nydelig kåpe, barbie, Doktor McStuffins-leike, Furby, kle, Playmo, strikka sett og mykje meir.. 
Ho var super fornøgde med alle gavene, og smilet gjekk nesten heilt rundt. 

 Pappsen og Vilde tok seg ein kvil etter å ha åpna ein heil drøss med gaver. 

 Vilde vart veldig glad etter å ha åpna gaven frå mamma og pappa. 

Doktor McStuffins og Lambi.. 

 Blid å fornøgde etter alle pakkane.. 

Vilde var som sagt heilt i hundre og holdt ut heilt till klokka halv 11. Da var ho rimelig gåen og sovna nesten før ho la haudet på puta. 

Vi var alle veldig fornøgde med kvelden, og vil takke alle sammen, både familie og venner, for alle dei fantastiske gavene vi fekk. Vi er utrulig takknemmelige for alt sammen! 
Vi er heldige.. 

Vilde utforska dukkehuset som ho fekk på julafta.

tysdag 24. desember 2013

 

God jul til alle våre venner og familie :)

søndag 22. desember 2013

Savn og glede

Den følelsen når du helde nåken du har savna so enromt, i armane dine er heilt fantastisk. Det var so godt å sjå systa og dei to hærligaste tantegulla igjen! Det er hardt for meg at dei bur så langt vekke, og eg savna dei kvart sekund dei er vekke. Og da er det ekstra godt å sjå dei igjen!
Eg kjem ikkje over at lisje tantebabyen min er blitt 5 1/2 år, og skal begynne på skulen til hausten. Og det vise virkeli at ho er ei stor, sjølvstendig og veldig fornuftige jente. Tanta er utruli stolt.

 Lisje Mali-jenta mi. Sjarmiss-jenta mi. Ho er full av latter, smil og glede. Ho smelta hjertet mitt fleire ganga om dagen. 

To gode søskenbarn og venninde.

Og so har eg no fått meg ein ny liten tantebebis.. 
 Søtaste Bella-voffsen. 

 Torgeir er meir enn klar for å gå på tur med lisje Bella. Og med tur så meina eg opp til veien og ned att, for da er Bella både sliten og kald. Søøøtaste..

 Eg og Bella ligge å kosa oss på morgenkvisten.

Vilde er livredd hunda, så eg var veldig spent på kor ho kom til å reagere på Bella. Vi snakka mykje om det i forkant og ho var veldig klar på at ditte skulle gå bra. Men både fredag og lørdag var Vilde meir oppi sofaen enn ned på golvet. Det var frykteli skummelt med ditte lisje vesenet.. 
Men gjett om det var ei stolt jente som endelig tørte å både klappe og holde Bella på søndag. Ho vart ganske tøffe i løpet av søndagen, og synes plutselig det var veldig stas med hunden. 

Ellers har helga gått med til familiebesøk, både i Måløy og på Eid. 
Og eg har endelig fått helse på søtaste jenta til søskenbarnet mitt, Ida. 

Nydeligaste lisje nurket. 

No er vi tilbake i Volda, og eg er klar for siste arbeidsdagen i år. Jobb i morga, og so er det juleferie i  9 daga. Det skal bli godt!

Desember

Desember er snart over og vi bevega oss sakte men sikkert over i eit nytt år. Desember er den beste måneden i året, eg elska juletida! Eg har alltid vore glade i jul, men det har bare vorte enda sterkare etter eg vart mamma. Eg gleda meg over alle juletinga eg får gjere i lag med Vilde, eg elska å sjå forventningane og gleden i auene hinna. Det er heilt fantastisk. 
For meg er ikkje det viktig å bake 7 sortar med julekaker, vaske ned heile huset eller ha flotte juleverksted med heile nabolaget. Det viktigaste for meg er at vi er i lag og at vi kosar oss. Førjulstida skal vere minst mulig stress og mas. Vi skal nyte dagane og glede oss til jula.

 Vilde synes det var veldig stas å få eige juletre på rommet. 

 Vi var i lag med Oddbjørn og Signe på "Teskjekjerringas julestri" på teater i Ørsta. 
Det var veldig kjekt! 

 Vilde var på Nissefest i barnehagen.

Verdens finaste nissefrøken. 
 
 Vi har vore i skogen for å hogge juletre. 
Det var ganske mørkt, så da var det greitt med haudelykt på heile gjengen. 



 Og so har vi selfølgelig pynta juletreet! Vilde fekk hovudansvaret, og er veldig stolt over resultatet.

måndag 9. desember 2013

Årets første fjelltur med ski på beina...

Vi våkna opp til nydelig vinterveir på søndag, og det første Torgeir spurte meg om når eg stod opp var: "Skal vi gå på ski?" 
Eg var litt skeptisk, sida eg ikkje er så god på å stå nedover. Det vil sei, eg kan ikkje stå nedover på ski. Eg er ei kløøøne. 
Men sida det frista so innmari mykje å både teste nye skia mine, og tanken på å bestige enn fjelltopp med ski på beina, så sa eg ja. Nedoverbakken fekk eg ta når den tid kom.. 
Ingunn og Vilde koste seg på Reset med akebrett og langrennski, meda eg, Ola og Torgeir gjekk på Melshornet! 

Eg satte avgårde med friskt mot, og for ein fantastisk tur. Eg rett å slett storkoste meg på turen opp, sett bort i frå dei gongane eg kom på at eg måtte jo faktisk ned att også. 
Det var ein del folk på fjellet denne dagen, og det gjorde ikkje ting akkurat lettare. Men mesteparten av veien opp klarte eg å skyve nedoverbakken vekk, og bare nyte snøen, skia og turen opp. 




Vel oppe fekk vi på oss meir kle, skreiv oss i boka, tok av feller og gjorde skia klare til nedoverturen. Hjertet banka hardt og eg kjente kor eg grua meg til heile greia. Eg angra tilogmed litt på heile turen..
Vips så var han Ola vekk, så da var det bare å følge etter med hjertet i halsen! Eg var livredde heile veien ned att, låk i lår, leggar og anklar. Halvveis ned i måtte eg stoppe for å løsne skoa litt, for da hadde høgre foten sovna. Etter det vart det litt bedre, men frykta var der fremdeles.. 
Eg kom meg ned til slutt og overlevde heldigvis.. Eg datt bare ein gang, men hadde mange pauser for både å roe hjertet og nervane, og for å kvile beina. På vei ned sa eg til meg sjøl at ALDRI meir om eg skulle gå så mykje som på ein liten bakketopp med ski på beina. Men når eg satt i bilen på vei heim, så kjente eg at eg gleda meg litt til neste topptur! Er det mulig sei no bare eg.. 

Eg trur nok at eg skal øve meg litt i trekket før neste topptur, sånn at eg har litt meir teknikk inne. Men aller først må det bli meir snøøø! 

Når vi kom ned att til Ingunn og Vilde, så nekte Vilde å bli med heim att. Ho hadde bestemt seg for at ho skulle ete middag med bestemora og bestefaren. Så da tok eg meg ein god dusj og en velfortjent kvil på sofaen før vi reiste ned å henta frøkna igjen. 

Vi tilbrakte resten av ettermiddagen rundt spisebordet. Pynta pepperkakehjerter og såg Jul i Svingen! 

 " Mamma, ej lika bare rosa og lilla ej"



Nissefest

Forrige søndag skulle vi egentli på Nissefest på Reset, men pga av dårleg veir så vart det avlyst. Det er ikkje lett å forklare ein oppgira 3 åring at ho ikkje får treffe nissen allikavel. Det var lettare krise i heimen, heilt til eg forklarte at nissen var blitt sjuke. Og da var det greitt, for når man har feber så er det ikkje lov å gå ut! 

Gleda var stor når nissen endelig var friske igjen, og det var duka for Nissefest på laurdag. Vi kledde på oss godt med varme klede, pakka sekken med pepperkaker og varm saft (til den kresne frøken strøken som ikkje lika kakao eller gløgg), og satte kursen mot Reset. Når vi kom opp så angra vi litt på at vi ikkje tok med verken akebrett og ski, men den tanken streifa ikkje haudet mitt i det heile tatt. 

Det var nokre kjekke timar med både gløgg, pølse med brød, nissebesøk, nydelig korsong, loddtrekning og mykje kjentfolk.
Vi kosa oss frå begynnelse til slutt, og sjøl om det var litt kaldt på slutten så holdt vi humøret oppe. Vilde var meget fornøgd med å få treffe nissen, og attpåtil få ein liten godtepose med han. 

 Godt med varm saft i kulden. 

 På leit etter sjølvaste nissefar.

 Og endelig kom han.. 

 
Vilde er ho med den grøne hua fram med nissen.. 

 Spennande å sjå kva som var ned i posen. 

 Vilde og ei av dei godaste små venninnene mine frå jobb står å høre på fin julemusikk frå koret DesiBelle! 

 Nissefar med gaveposar til dei voksne også. 

Eit veldig flott opplegg av Barneturlaget Volda/Ørsta. Og eg og Vilde gledar oss allerede til neste år!

tysdag 3. desember 2013

Når en pepperkakebaker...

Når en pepperkakebaker baker pepperbakerkaker
tar han først en stekegryte og en kilo margarin
oppi gryta smelter smøret
og det neste han må gjøre
er å røre sammen smøret med en kilo med farin!



Og mens smør og sukker skummer tar man åtte eggeplommer
som han rører ut i gryta med en kilo hvetemel
og til slutt i gryta slipper han en liten teskje pepper
også rører han omkring og tømmer deigen på ei fjøl