søndag 24. november 2013

God helg, og godt humør

For ei helg! 
Vi har virkeli kosa oss frå begynnelse til slutt.. 

 På lørdags morgen satt eg og Vilde oss i bilen, og satte kursen mot Eid. Vi skulle nemmelig treffe Veronika, Alexander, Marte, Stine og Thea. Og gjett om vi gleda oss... 
Eg og Veronika snakka litt om det og fant ut at vi ikkje hadde sett kvarandre sida juni, og det er nesten litt for gale.. 

 Vi møttes i nye leiligheta til Stine og Thea, der vi alle hadde hatt med oss ein liten snacks og veldig godt humør. Ungane leika seg fint i lag og vi tre voksne fekk kose oss med litt prat og kos i sofaen. 
Etter ei lita stund fant diska Stine opp med ein lekker kyllingsalat. 

Og til dessert vart det gode kjeks og non-stop. Kan det blir bedre? ;)

Vi hadde eit par veldig kjekke tima i lag og eg er så takknemmlig og glad for at vi har sånne gode venner som dåkke. Vi treng ikkje snakkast kvar dag, ikkje kvar mnd en gang. Men når vi møtest så er det nesten som om vi treffes kvar dag. For ein hærlig gjeng! Ditte gjelde også dei som desverre ikkje hadde mulighet til å møte denne dagen, dåkke er gull verdt heile gjengen! 

Etter å ha kosa oss mykje i lag med dinne kjekke gjengen, så fant vi tante Kristin på jobb på Statoil. Og mens vi stod der å prata, så kom jammen besta og. Vi vart med besta på besøk til oldemora, og deretter på kafè. 

 Vi avslutta dagen på Eid med middag og leik heime med besta og tante Kristin. Eg vart so mette at eg plasserte meg sjøl på golvet for å pleie både mage og ein låke rygg. 
Vi kjørte heim att til Volda i eit forferdelig snøveir. Det var ei so tett snøkave at eg såg nesten ingenting.. Eg vart svimmel av å ha på langlysa, men såg ingenting uten.. Eg kjørte med høge skuldra og hjertet i halsen.. Aldri vore so glad for å komme til Folkestad før.. 

Men gjett om det var ei som var glad for å våkne opp på søndag til massevis av snø. Så når vi alle var våkne, så kledde vi på oss og gjekk ut.

 Vi måka innkjørsla, og Vilde var så klart med å hjelpe. 


 Etter innkjørlsa var fri for snø, så gjekk vi bort til snuplassen der naboane holdt til. Vi leika oss litt med dei, laga snømann, snøborg og kasta snøball.. 

 Snø er jammen kjekt.. 

 Vi hadde bestemt oss for å kjøpe langrennski til Vilde til jul, og dei stod fint plassert i buda vår. Men når vi var ute å leika i snøen i dag, så bestemte vi oss for å ta fram skia og la ho frå bruke dei på det flotte snøføret vi hadde i dag. Så får vi heller finne på ei anna julegave.. 


Etter å ha vore ute eit par timar så var det godt å komme inn i varmen igjen. Eg og Vilde prøvde oss på å lage scones, men eg hadde litt for høg varme på ovnen, så dei vart ferdig stekt på utsida men blaute inni. Bedre lykke neste gang.. I steden laga vi oss nåken Polarbrød og Torgeir diska opp med varm og god kakakao.. 
 
Resten av dagen vart brukt til å spele Memory, pusle puslespel, leike oss..


--og male litt. Her mala Vilde ein dinosaur! I tillegg mala vi nåke spennande overraskelsa til jul..

Vi er godt fornøgde med helga, og veldig klar for ny veke..

1 kommentar:

  1. Håper tante Marianne er den heldige <3 Hun vil veldig gjerne ha en dinosaur til jul ! Da hadde hun blitt kjempe glad :D

    SvarSlett