fredag 29. november 2013

Rotete...

"Mamma, kan ej få sove i senga di?" 
"Koffor kan ikkje du sove i di seng da?" 
"Fordi der er så rotete.."
"Men det skulle du tenkt på før du rota så masse da.." 
"Det va itte ej, det va alle vennane mine" 

Gjett ken som havna i senga vår da.. lisje sjarmfrøkna mi ♥ 

Og etter en liten tur ned på rommet hinna så skjønna eg godt at ho ikkje vil ligge der.. 




Blir kjekt for lisje frøken Vilde å måtte rydde rommet i morga.. Men den tid, den sorg! No ligge ho vertfall å synge på mi side av senga, og eg må forberede meg på å krangle om plassen i natt.

søndag 24. november 2013

God helg, og godt humør

For ei helg! 
Vi har virkeli kosa oss frå begynnelse til slutt.. 

 På lørdags morgen satt eg og Vilde oss i bilen, og satte kursen mot Eid. Vi skulle nemmelig treffe Veronika, Alexander, Marte, Stine og Thea. Og gjett om vi gleda oss... 
Eg og Veronika snakka litt om det og fant ut at vi ikkje hadde sett kvarandre sida juni, og det er nesten litt for gale.. 

 Vi møttes i nye leiligheta til Stine og Thea, der vi alle hadde hatt med oss ein liten snacks og veldig godt humør. Ungane leika seg fint i lag og vi tre voksne fekk kose oss med litt prat og kos i sofaen. 
Etter ei lita stund fant diska Stine opp med ein lekker kyllingsalat. 

Og til dessert vart det gode kjeks og non-stop. Kan det blir bedre? ;)

Vi hadde eit par veldig kjekke tima i lag og eg er så takknemmlig og glad for at vi har sånne gode venner som dåkke. Vi treng ikkje snakkast kvar dag, ikkje kvar mnd en gang. Men når vi møtest så er det nesten som om vi treffes kvar dag. For ein hærlig gjeng! Ditte gjelde også dei som desverre ikkje hadde mulighet til å møte denne dagen, dåkke er gull verdt heile gjengen! 

Etter å ha kosa oss mykje i lag med dinne kjekke gjengen, så fant vi tante Kristin på jobb på Statoil. Og mens vi stod der å prata, så kom jammen besta og. Vi vart med besta på besøk til oldemora, og deretter på kafè. 

 Vi avslutta dagen på Eid med middag og leik heime med besta og tante Kristin. Eg vart so mette at eg plasserte meg sjøl på golvet for å pleie både mage og ein låke rygg. 
Vi kjørte heim att til Volda i eit forferdelig snøveir. Det var ei so tett snøkave at eg såg nesten ingenting.. Eg vart svimmel av å ha på langlysa, men såg ingenting uten.. Eg kjørte med høge skuldra og hjertet i halsen.. Aldri vore so glad for å komme til Folkestad før.. 

Men gjett om det var ei som var glad for å våkne opp på søndag til massevis av snø. Så når vi alle var våkne, så kledde vi på oss og gjekk ut.

 Vi måka innkjørsla, og Vilde var så klart med å hjelpe. 


 Etter innkjørlsa var fri for snø, så gjekk vi bort til snuplassen der naboane holdt til. Vi leika oss litt med dei, laga snømann, snøborg og kasta snøball.. 

 Snø er jammen kjekt.. 

 Vi hadde bestemt oss for å kjøpe langrennski til Vilde til jul, og dei stod fint plassert i buda vår. Men når vi var ute å leika i snøen i dag, så bestemte vi oss for å ta fram skia og la ho frå bruke dei på det flotte snøføret vi hadde i dag. Så får vi heller finne på ei anna julegave.. 


Etter å ha vore ute eit par timar så var det godt å komme inn i varmen igjen. Eg og Vilde prøvde oss på å lage scones, men eg hadde litt for høg varme på ovnen, så dei vart ferdig stekt på utsida men blaute inni. Bedre lykke neste gang.. I steden laga vi oss nåken Polarbrød og Torgeir diska opp med varm og god kakakao.. 
 
Resten av dagen vart brukt til å spele Memory, pusle puslespel, leike oss..


--og male litt. Her mala Vilde ein dinosaur! I tillegg mala vi nåke spennande overraskelsa til jul..

Vi er godt fornøgde med helga, og veldig klar for ny veke..

onsdag 13. november 2013

Middagstips; Kylling

Eg etterlyste ei god middagsoppskrift på Facebook i dag, og fekk mange gode forslag. Den som kom gjennom "nålauge" i dag var ei oppskrift frå ein kjekk kollega. 

4 kyllingfiletar 
1 purreløk 
1 raud paprika 
3 dl kremfløte(matfløte) 
1 buljongterning el. buljongpulver! 
salt/peppar

Krydre og brune filetane. Skjer opp purreløk og paprika, legg i botnen av ildfast form. 
Fordel filetane oppå. ( ej dela dei i mindre bitar). 
Ej brukar buljongpulver, som ej rører ut i fløten før ej slår den over filetane! Krydre etter smak.
Steik v 200-220 gr. i ca 20 min.


 Rør av og til. 
Server m ris el poteter. 


Det var veldig godt. 
Retten har fått ein plass i oppskriftsboka og vi kjem definitivt til å lage den seinare og.

Eg er alltid på jakt etter ny, god og spennande mat, så viss du har ei god oppskrift du vil dele med meg så sleng den inn i kommentarfeltet. 

tysdag 12. november 2013

Julegave-ønskeliste :)

Rosendahl

Vi manglar: 5 kvitvinglas, 3 ølglas, 6 rødvinglas, 8 dessertskåler. Ellers ønske vi oss kaffikanne, oppbevaringsbeholdera, oljebeholder osv.. 
 
Stor oppbevaringskorg
 Strikkagenser frå Ulvang

Ditte er vel mitt ønske.. Lys grå str M... Hint, hint Marianne og Kristin..

Gavekort på Skeidar
 

Sengesett og laken
 
 140*220 
 
180 cm

Pynteputer til sofaen
 
I fargane beige, kvit eller lys grå.

Det var det eg kom på i dinne omgang, kan oppdatere den viss eg kjem på nåke meir.

Julegave-ønskeliste Vilde :)

 I år synes eg det var veldig vanskelig å komme fram til nåken gode julegaveønsker til Vilde. Ho har egentli alt ho trenger og litt til. Ho har stua og rommet sitt fult av leiker..
Men eg har no klart å komme opp med nåke fornuftig, med god hjelp frå hovudpersonen sjøl:
 
 Puslespel med litt fleire bitar enn 5.. 

 Heimestrikk er alltid velkomment med oss.. hinthint farmor.. 

 Camelback sekk for barn.. 

Nabbiperler..

 Smykkeperler 

 Ullklede i str 104


 Frøken kanin... eller


 ...løveungen.. 

 Termos... Helst dinne her frå Blafre..

Sengesett 140*200

 Pengar til slalomski..

Ellers har ho alltids bruk for nye klede, i str 104 og oppover. Ho er veeeldig glade i kjolar og skjørt, både til kvaradags og fest. 

Det var det eg kom på i farta, får legge til meir viss eg kjem på nåke eller får fleire ønsker frå hovudpersonen. 

søndag 10. november 2013

Pappa


Da fedre ble til
var tanken ganske klar.
For fedre har noe i seg
som ingen andre har.


De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.


Derfor har vi fedre
og dersom du spør meg.
Den beste far i verden,
det er nettopp DEG.


Gratulerer så masse med farsdagen til verdens beste pappa! 
Klem frå prinsesse Vilde



(har fått spørsmål om eg kan legge ut julegaveønskeliste, og det kjem snart)

søndag 3. november 2013

"Sorg er kjærlighetens pris"

"Sorg er kjærlighetens pris"

Kva sei ein når ei lita uskyldig jente på 3 år spørr kor morfaren hinna er? 

Vi var ned med svigers i dag, og plutseli så sei Vilde: "Eg veit ken mammaen din er, det er besta". Eg bekrefta det og var ikkje heilt forberedt på oppfølgerspørsmålet: "Men mamma, ken er pappaen din?" Eg sa som sant er at det er morfaren din, men han er opp i himmelen for han er døde. "Nei, han er ikkje i himmelen. Han er med tannlegen, som skal operere sånn at han blir bra!" (Vi har snakka ein del om legar og operasjon dei siste dagane. Vi har vore på besøk med Cindy i dag og ho har operert kneet). Eg prøvar så godt eg kan å holde maska, vil ikkje vise ho kor leit eg synes det er å snakke om det. Her er systa mi mykje flinkare, ho er meir åpen om det og har forklart og prata med ungane om akkurat dette. "Nei, morfaren din vart so sjuke at det ikkje gjekk an å operere på han, så han døde. " Eg lurer på kor mykje ho egentli forstår av det eg sei. Eg forstår det nesten ikkje sjøl.. Vilde får eitt sårt uttrykk i ansiktet, og tenker seg litt om før ho svarer: "Men han måtte no itte bli døde!" Nei, akkurat..han måtte no ikkje det, heilt enig!Eg har mest lyst å kaste meg rundt halsen hinna og bare gje ho verdens beste klem. Eg tenker meg litt om for å komme opp med eit fornuftig og betryggande svar, men før eg kjem so langt blir ho så distrahert av noko og forsvinn.
Men eg sitte igjen med haudet fult av tanka og hjertet fult av sorg.
 "Men han måtte no itte bli døde" 

Eg skulle ønske eg var flinkare å snakke om pappa, fortelle Vilde alle dei gode historiene, alle dei gode minnene. Men eg har alltid tenkt at ho har vore for lita. Eg  trur eg må ta meg ein prat med systa, høre litt kva ho fortel til sine søte små, og få litt mot frå ho. 
Kansje blir det lettare å snakke om viss eg tar med meg Vilde til Måløy for å vise ho gravsteinen?! Men for å vere heilt ærlig, så lika eg meg ikkje særlig der. Føle større tilhørlighet med pappa andre plassa. Kansje blir det for realistisk og ekte for meg? Eg veit ikkje. Men eg kan vel telle på ei hand dei gangane eg har vore på grava. Eg brukar heller å legge meg i senga for meg sjøl, stille og rolig.. og tenke på alle dei gode minna og dei fine opplevelsane vi har i lag. Eg treng fred og ro. 
 


Pappa skreiv i avskjedsbrevet sitt at han hadde gleda seg sånn til å bli morfar. Han skulle skjemme vekk barnebarna og gje dei all den kjærlieken han hadde. Og sjøl om han ikkje fekk oppleve den gleda, så tvilar eg aldri på at han hadde vorte verdens beste morfar. 
Og eg skal, om ikkje i dag eller neste veke, snakke med Vilde. Fortelle ho kor snilde og gode morfaren hinna er, og forsikre ho om at sjøl om ikkje han er her i lag med oss så sitte han på ei stjerne og passa på oss!