måndag 21. oktober 2013

Middag, gjeremål og Farmen

Vilde synes det er veldig kjekt å få lov til å vere med å lage middag. Og dei dagane vi har god tida på ettermiddagen og ingen av oss helde på å svelte ihjel, så får ho meir enn gjerne vere med. 
I dag var ein sånn dag! Ho hadde egentli bestemt seg for å sjå Karsten og Petra mens Torgeir laga middag, men plutselig stod ho på en krakk på kjøkkenet og var klar til å skjere kylling. 


Det var en nydelig god middag med perfekte kyllingbitar i. 

På kvelden var det duka for eit bad for lisje snuppa mi! Og da nytta eg muligheten til å få gjort litt forfallande husarbeid nede i gangen.. 
Eg har plukka vekk alle kleda som er for små til Vilde, rydda i kommoden hinna, lagt sammen kle og satt på ei maskin med kle. Alt ditte fekk eg gjort, og eg måtte fremdeles dra Vilde ut av badekaret! 
Kjekt at ho lika å bade, men vatnet var no iiiskaldt. 

Opp på loftet.

No ligge eg på sofaen og nyte eit glas julebrus mens eg ser på Farmen! 
Og når eg snakka om Farmen så må eg bare få skryte litt. Mi finaste, snildaste, kjekkaste Kaila var statist på Farmen i går. Dei bur jo i Grimstad og dei eldste i barnehagen hinna var så heldige å få vere med på markedet under innspelinga! 
Stoltaste tanta på jord.. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar