søndag 27. oktober 2013

Haustmesse

Eg var veldig spent når eg gjekk å la meg i går på kor tidli Vilde kom til å stå opp i dag. Ho er som regel en liten morgenfugl som lika å stå opp i 7 tida, og det er egentli heilt greitt det. Men sida vi stilte klokka i natt så hadde det betydd at vi måtte opp i 6 tida.. gjesp. Men den gang ei, ho slo til å sov heilt til halv 9, eller hav 8 ny tid. Eg vart heilt overraska og letta. Deili å sove litt "frampå" innimellom.
Vi hadde ein rolig morgen, med frokost, rydding og film. Vilde er heilt hekta på Karsten og Petra, så mens ho satt i sofaen å kosa seg med film, nytta eg anledninga til å rydde litt i kaoset her heime. Deilig å få litt orden i sakene igjen etter ei veke med lite ork og rot alle veia. 

I 11-tida fekk vi melding med Kristine som lurte på om vi ville vere med på haustmesse på Bratteberg skule. Og det ville vi! Vilde vart utålmodig med en gang, og hadde det vore opp til ho hadde vi gått med en gang. Men vi klarte å drøye det litt med lunsj, og påkledning. Og når det nærma seg så kledde vi på oss å gjekk ut på veien for å vente. Stor stas når tante Kristine kom og vi kunne gå ned til skulen i lag. 

Vilde gledde seg til å få ta lodd og kansje tilogmed vinne nåke, så det første vi måtte gjere når vi kom inn døra var å finne loddsalget. 




Og jammen det vart ikkje det ein gevinst på oss.

Eit råååsa hoppetau. Det passa perfekt for lisje prinsessa mi.

Vilde ville helst ut å hoppe med en gang, men eg klarte å drøye det litt. Eg hadde veldig lyst å sjå alt det fine dei har laga inne på "messa". Og gjett om der var mykje fint. Dersom eg hadde hatt halvparten av kreativiteten og ferdighetene til disse damene så hadde eg vore fornøgde.

Endelig var det tid for hoppetau og litt leik på uteområdet til skulen. Vilde synes det var veldig deili å få lufte seg litt, og sprang frå den eine til den andre leiken.

Ekstra kjekt var det når tanta ville vere med å vippe!

Etter ei lita stund satte Vilde og Torgeir kursen opp til svigers, mens eg gjekk heim for å vaske huset. Eg lika godt å ha heilt fred når eg skal vaske, bare sette på høg musikk og danse meg rundt i huset. Å vaske hus er fryktelig kjedeli, men med litt musikk blir det overlevelig.

Det beste med å vaske hus er å dette ned i sofaen etterpå, men i dag fekk eg ei ekstra belønning. Torgeir laga nydelig god hjortegryte til middag. Det var veldig godt!
Så etter å ha ete ein god middag, kunne eg synke ned i sofaen god, mett og med gullande reint hus.
No er vi klare til ny arbeidsveke, og mange spennande utfordringar.

1 kommentar: