søndag 27. oktober 2013

Haustmesse

Eg var veldig spent når eg gjekk å la meg i går på kor tidli Vilde kom til å stå opp i dag. Ho er som regel en liten morgenfugl som lika å stå opp i 7 tida, og det er egentli heilt greitt det. Men sida vi stilte klokka i natt så hadde det betydd at vi måtte opp i 6 tida.. gjesp. Men den gang ei, ho slo til å sov heilt til halv 9, eller hav 8 ny tid. Eg vart heilt overraska og letta. Deili å sove litt "frampå" innimellom.
Vi hadde ein rolig morgen, med frokost, rydding og film. Vilde er heilt hekta på Karsten og Petra, så mens ho satt i sofaen å kosa seg med film, nytta eg anledninga til å rydde litt i kaoset her heime. Deilig å få litt orden i sakene igjen etter ei veke med lite ork og rot alle veia. 

I 11-tida fekk vi melding med Kristine som lurte på om vi ville vere med på haustmesse på Bratteberg skule. Og det ville vi! Vilde vart utålmodig med en gang, og hadde det vore opp til ho hadde vi gått med en gang. Men vi klarte å drøye det litt med lunsj, og påkledning. Og når det nærma seg så kledde vi på oss å gjekk ut på veien for å vente. Stor stas når tante Kristine kom og vi kunne gå ned til skulen i lag. 

Vilde gledde seg til å få ta lodd og kansje tilogmed vinne nåke, så det første vi måtte gjere når vi kom inn døra var å finne loddsalget. 




Og jammen det vart ikkje det ein gevinst på oss.

Eit råååsa hoppetau. Det passa perfekt for lisje prinsessa mi.

Vilde ville helst ut å hoppe med en gang, men eg klarte å drøye det litt. Eg hadde veldig lyst å sjå alt det fine dei har laga inne på "messa". Og gjett om der var mykje fint. Dersom eg hadde hatt halvparten av kreativiteten og ferdighetene til disse damene så hadde eg vore fornøgde.

Endelig var det tid for hoppetau og litt leik på uteområdet til skulen. Vilde synes det var veldig deili å få lufte seg litt, og sprang frå den eine til den andre leiken.

Ekstra kjekt var det når tanta ville vere med å vippe!

Etter ei lita stund satte Vilde og Torgeir kursen opp til svigers, mens eg gjekk heim for å vaske huset. Eg lika godt å ha heilt fred når eg skal vaske, bare sette på høg musikk og danse meg rundt i huset. Å vaske hus er fryktelig kjedeli, men med litt musikk blir det overlevelig.

Det beste med å vaske hus er å dette ned i sofaen etterpå, men i dag fekk eg ei ekstra belønning. Torgeir laga nydelig god hjortegryte til middag. Det var veldig godt!
Så etter å ha ete ein god middag, kunne eg synke ned i sofaen god, mett og med gullande reint hus.
No er vi klare til ny arbeidsveke, og mange spennande utfordringar.

Fin haust

Hausten er ei nydelig årstid. I verfall den hausten vi har hatt i år, med sol og mykje fint veir. 
Vilde er ei skikkelig ute-jente, så vi tilbringe en del tid ute på ettermiddagane og da er det ekstra deili når ein kan nyte den fine naturen samtidig! 

Bestemora og bestefaren til Vilde har vore i Syden dinne veka, så da var vi ned en dag og henta posten. Vi gjekk opp veien i nabolaget her, og so gjekk vi skogen ned til gata deira. Vilde gjekk fremst og kunne fortelle at her hadde ho og bestemor gått før, og at ho trudde der budde mange kaniner inn i buskene. 
Ho har litt av en fantasi og vi får høyre mange artige historier frå ho. 
Vi fekk henta posten, lagt den inn i gangen og dobbeltsjekka at bestemor og bestefar ikkje var heime. 
På vei heim fekk pappsen telefon frå Syden, så da måtte vi finne oss ein stein å sitte på mens vi prata litt. 

 Viktig med lypsyl når ein er på tur






Vi har det veldig kjekt på tur.

I går var vi på Moa for litt tidlig julegavshopping, men kom egentli heim att med mest ting til oss sjøl.
Vi var innom Devoldfabrikken i Langevågen og fekk handla inn litt ull til vinteren, både til store og små. Eg kjøpte meg skibukse på Bergans, så no er eg klar for å gå på fjellet når snøen kjeme.
Etter å ha trakka der å sett på alt det fine dei hadde, satte vi kursen inn til Moa for litt meir shopping. Vi fekk unna tre julegaver, og litt klede og diverse til oss sjøl.
No er vi vel alle klare til snø og den kalde vinteren, og vi er eit steg nærmare å bli ferdi med julegavene.

måndag 21. oktober 2013

Middag, gjeremål og Farmen

Vilde synes det er veldig kjekt å få lov til å vere med å lage middag. Og dei dagane vi har god tida på ettermiddagen og ingen av oss helde på å svelte ihjel, så får ho meir enn gjerne vere med. 
I dag var ein sånn dag! Ho hadde egentli bestemt seg for å sjå Karsten og Petra mens Torgeir laga middag, men plutselig stod ho på en krakk på kjøkkenet og var klar til å skjere kylling. 


Det var en nydelig god middag med perfekte kyllingbitar i. 

På kvelden var det duka for eit bad for lisje snuppa mi! Og da nytta eg muligheten til å få gjort litt forfallande husarbeid nede i gangen.. 
Eg har plukka vekk alle kleda som er for små til Vilde, rydda i kommoden hinna, lagt sammen kle og satt på ei maskin med kle. Alt ditte fekk eg gjort, og eg måtte fremdeles dra Vilde ut av badekaret! 
Kjekt at ho lika å bade, men vatnet var no iiiskaldt. 

Opp på loftet.

No ligge eg på sofaen og nyte eit glas julebrus mens eg ser på Farmen! 
Og når eg snakka om Farmen så må eg bare få skryte litt. Mi finaste, snildaste, kjekkaste Kaila var statist på Farmen i går. Dei bur jo i Grimstad og dei eldste i barnehagen hinna var så heldige å få vere med på markedet under innspelinga! 
Stoltaste tanta på jord.. 



laurdag 19. oktober 2013

Familiekos ;)

Nåke av det beste eg veit er å vere i lag med familien min, den gode, fantastiske familien min. Og det beste av alt er at vi alle er samla. Marianne, Kaila og Amalie er heime på "haustferie", og vi nyte det! 

søndag 6. oktober 2013

I`m alive..

Og stillheten senket seg... 
over heile blogginga mi.

Men sjøl om det er stille på bloggen så er det langt i fra stille her heime med oss. Med en aktiv 3 åring så er det full fart heile tida. 

I løpet av dei siste 3 vekene har vi :

Vore på Leikeland i lag med Cathrin og Eirill




Vi har vore på tur i skogen  




Ein tur på Melshornet





Feira min 28 års dag




Eg var ein tur aleine på Melshornet, glømte lykta mi på toppen og måtte snu for å gå opp att. 
 
   
Ganske mørkt på vei ned att kan man sei. 

Eg og Cathrin har vore på Saudehornet





Vilde fekk ha med seg Marius heim fra barnehagen en dag.





Eg har farga håret


Vi har vore i Rotset barnehage og utforska det nye leikeområdet






Vilde hadde haustreingjering på sykkelen sin.



I dag har vi hatt ein fin søndag med både leik i barnehagen, tur i skogen og laga muffins. 

Vilde måtte vise fram kor dei bruka å gå tur med barnehagen 
 








 Og so avslutta vi dagen med ei episode med Karsten og Petra. Dei o`store heltane om dagen. 

Der er vår kvardag i bilete. Vi kosar oss mykje om dagane, og nyte dei siste haustdagane! 
Eg skal prøve å bli flinkare å blogge oftare, men av og til er det deilig med litt stillhet og. Tihi