laurdag 7. september 2013

Nyyy seng :)

Vi har lovt Vilde at når ho klare å sove i si eiga seng heile natta, så skal ho få seg ny storejente-seng i premie. Og vi har holdt på ei god stund, med litt ulikt resultat. Kjempe flinke i ei periode, og so plutselig vil ikkje ho sove i si seng, og so er ho kjempe flinke igjen. No har ho vore flinke lenge, så da var det på tide med premiering. 
Eg har leita meg både gul og grønn på nettet etter den perfekte senga, men utvalget er heilt enormt og eg fann mange senger som eg kunne tenke meg, og Vilde fant enda fleire som ho kunne tenke seg. Eg fant ei seng på Fagmøbler i Ålesund, men den var utsolgt og kom ikkje inn att før om 3 veker. 
Så da tok vi turen på Skeidar for å sjå sengene live, og bestemme oss utifra det. 

Vilde var kjempe gira, og ville helst ha alle sengene som var der. Men ho gjekk stadig tilbake til ei seng.. og etter litt fram og tilbake og prøving av sengene, fant valget på dinne: 



Vilde var kjempe gira og synes det var veldig stas å få med seg senga heim att. Mens vi monterte og laga til rommet hinna, så gikk ho bare å trippa. Va ikkje vi ferdig snaaaart??


Etter rommet var vaska og senga og dei fleste leikane var komt på plass, stod Vilde i døråpninga. Eg sa ho kunne vente litt til sånn at alt var klart før ho gjekk i veia. Men plutseli så bare datt ho inn på rommet og "glømte" å gå ut igjen. Søtaste Vilde mi.

 Heile rommet tatt frå døråpninga.




 Vilde måtte jo så klart prøve den med en gang.

 Vilde sovna på et blunk i dag, og søve godt fortsatt. Vi plasserte puta i samme ende som trappa var, for vi tenkte at det vart lettare for hinne å finne trappa når ho måtte på do. Men etter å ha stupt ut av senga en gang i søvne, så snudde vi ho ganske kjapt. Så får vi sjå kor det går. Madrassa vi kjøpte er kansje litt i høgaste laget, så den "innebygde" sengehesten mista litt av effekten sin. Så enten må vi ta vekk overmadrassa/evt kjøpe ny madrass, eller så må vi kjøpe en ekstra sengehest. Vi får sjå an behovet no når ho ligge i rette enden av senga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar