tysdag 17. september 2013

Eidamessa

Til tross for regn og vind, så har vi hatt ei kjempe kjekke helg på Eid. 

Fredagen gifta onkel Trond og Julia seg, og vi var så heldige at vi fekk vere med på sermonien. 

 Gratulerer med dagen begge to. 

Etter seremonien og litt fotografering så reiste dei vidare til middag, mens vi tok en tur på kafè. 

Godt lisjesysta er så normal. 

Og ein tur på besøk til bestemor/oldemor. 


Det har vore Eidamessa i helga, og det måtte vi få med oss. Det er alltid kjekt når det skjer nåke spesielt på Eid. Og i år skulle heltane til Vilde besøke Eid på lørdagen, nemmelig Vennebyen! Vilde begynte å mase etter dei det sekundet ho åpna auene, og da var det enda 4 tima til showet begynte.

 "Mamma, e ej fine no?" 

Vilde pynta seg med hårbandet til tante Kristin. 

Mens vi venta på at Vennebyen-showet skulle begynne, så gjekk vi rundt på Eid og trakka litt. Og jammen hadde dei ikkje stilt ut både politibil, ambulanse og brannbil som ungane kunne få sjå og klatre inn i. Kjempe stas. 

 Vilde fekk seg caps og buff. 



 Mens vi såg på alle dei kjekke bilane, kom Cathrin og Eirill. Dei ville vere med oss på Vennebyen-show. Veldig kjekt. 

Endelig nærma klokka seg 13, og vi bevegde oss bort i teltet. Først var det høgtlesing av Albert Åberg, og so ENDELI... Vennebyen-tid. 



 Det vart veldig mangen folk inn i teltet, både unga og voksne. Eg og Kristin bestemte oss for å stille oss utafor å vente til showet var over. Torgeir tok Vilde på skuldrane, og da vart vi litt "i veien" der inne.


 Men sjøl om vi måtte stå på utsida, så fekk vi eit godt blikk på hovudpersonane. For vi stilte oss opp der Apa, Ted og Elfi kom ut døra og inn i teltet. 



Vilde hadde visst tatt heilt av når Elfi kom inn i teltet. Ho er heilt fasinert over Elfi, og har med seg Elfi-bamsen sin overalt. 
Torgeir sa at Vilde hadde kosa seg inn i teltet, og at det var eit vellykka show. Så sjøl om eg ikkje fekk vere med, så er det viktigast at ho koste seg. 
Etter showet fekk alle helse på Apa, Ted og Elfi, og Vilde var heilt med. Ho "pressa" seg fram og klemte seg fast i snabelen til Elfi. 

Vilde Elfi

Eirill synes det var litt skummelt med Elfi, og da var mammsen god å ha. 

 Vilde ønske seg ei kanin. 

 Etter litt trakking i gata i pissregn, så bestemte vi oss for å utsette tivoliet til dagen etter. 
Vi var kalde og våte, og veeeldig klare til å reise heim att.
Vi fekk tak i besta, henta ho og satte kursen opp i Åsen. 

Søndag var det tivolitid, fårikål og so avslutta vi helga med ein tur på Albert Åberg på kino. 






 Vilde nekta å smile på bilder. Bedre med "morske-fjeset".

Vilde synes filmen var heilt topp, og satt oppslukt nesten heile filmen. 

Vi har hatt ei flott helg på Eid, og reiste slitne og trøtte heim att til Volda etter kinoen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar