torsdag 1. august 2013

Syyyden :)

Etter Malakoff så var det kun ein kjapp tur heim att før vi satte kursen vidare for neste del av ferien; Tyrkia! 
Vi hadde egentli ikkje tenkt oss til syden i år, men på grunn av det fårlige veiret i begynnelsen av sommaren så vart det til at vi plutselig bestilte oss en tur allikavel. 

Vi kjørte til Bergen, og tok flyet frå Flesland kl. 07.00 på tirsdagsmorgen. Eg var veldig spent på kor det kom til å gå med Vilde på flyet. Vi har jo vore på flyplassen tidligare, men da har ho poengtert sterkt at ho IKKJE vil inn i flyet. Så eg lurte veldig på kor ho kom til å reagere når ho faktisk måtte inn i flyet. Men det var ingen grunn til bekymring, ho synes det var veldig kjekt å fly. 
Det var heldigvis en forholdsvis kort flytur, bare 4 tima. 
 Veldig spennande å sjå ut vinduet. 




Det er alltid like kjekt å gå ut av flyplassen når en kjem til syden, å bare kjenne varmen slå i mot en i det en går ut av døra. 

Vilde masa heile flyturen og bussturen om korti ho fekk bade, så når vi kom til hotellet så var det bare å hoppe i badekleda og springe ned til bassenget. 





Og sånn har vi vel egentli tilbrakt resten av dagane også. Vilde har vore meir i vatn enn på land, og sida der var 7 basseng på hotellet så hadde ho litt å velge i. På slutten av ferien så hadde Vilde eit snev av grønfarge i håret, det er vel eit tegn på at ho har bada litt vel mykje i klor vatn. 

I steden for å kjede dåkke med masse tekst om kor flott vi har hatt det, så kjem her eit bilderas med litt tekst :) 

 Vilde og mammsen er klar for maaat.


 Første kvelden så tok vi ein tur opp til "sentrum" for å kike litt. 





 Vilde øve seg på å dukke under med heile haudet, men det var fryktelig skummelt. Så det vart med at ho fekk munn og nase under, og blåste bobler. 

 Vilde øva seg på å svømme! 
















 Om kveldane var det underholdning med blant anna magedans.. Vilde synes egentli ikkje det var så interessant, så etter en halv sang så var ho klar til å gå vidare. Og den kvelden det var barneunderholdning, så vart Vilde dårlig og vi måtte gå på rommet tidlig.


 En stk utslått Vilde, men kor i alle dage skal eg sove hen?!


Øva seg på å flyte på ryggen. Opp med rompa, ned med beina.




Vilde hadde fryktelig lyst å ta sklia, men når dei kom på toppen så vart det for skummelt. Ho kunne no få vatten i auene..

En liten tur på stranda.



 Men etter at Vilde fekk saltvatn i auene og eg vart bitt av ei krabbe,
så tusla vi opp til bassenget igjen.



 Vilde fant ut at mora tok for stor plass i senga, så ho laga seg ei eiga seng på golvet.

 Dagens "klappe-dans"
To ganga for dag samla dei som jobba på hotellet folk rundt bassenget for litt dans, og det synes Vilde var kjempe stas. Dei siste dagane var ho heilt med på dansen. 

Pappsen og Vilde måtte ha ei pause frå badinga og spelte litt bordtennis. Einaste problemet var at Vilde ikkje ville dele på ballen. Så ho leika med ballen,og Torgeir såg på.


 Kor er Vilde?


 Det var deili å koble av etter all badinga, og før middag, med litt Vennebyen på senga.


 Vilde fant seg ei dansk venninne som ho leika litt med.

 Vilde og Elfi på shopping.

 Nye, lekre sandala, eller "voksen-sko" som ho Vilde kalla dei.

Under kvart måltid så måtte Vilde ned å kjenne på vatnet litt. Ho har virkeli ikkje ro i kroppen dinne jenta der..


 Elfi var med på det meste. Einaste ho ikkje fekk vere med på var å bade.








 Eine dagen når vi var i bassenget, så kom dei plutselig rundt med ei pappegøye som vi fekk holde. Det var litt skrekkblanda fryd.



 Kvar onsdag så fekk hotellet besøk av apen Mike. Vilde synes det var lettare skummelt å sitte ved siden av han, men snakka mykje om det i ettertid.



Eg og Vilde åt pannekaker til lunsj kvar dag. Mmm..nydelig godt.

Vi hadde ei fantastisk veke, og skulle virkeli ønske vi skulle vere der litt lenger. Eg var veldig fornøgd med hotellet, både for vår egen del og for Vilde sin del.
Der var 7 ulike basseng, både djupe og barnebasseng, sklier og mange solsenger. Vilde storkoste seg og var meir i vatnet enn på land.
Vi bestilte All Inclusive, og det var eg veeeldig spent på. Har hørt mange som er negative til det, men også nokre som har vore positive. Eg vart veldig positivt overraska vertfall. Dei hadde so mykje god og skikkelig mat at eg var redd eg kom til å rulle heim att. Dei hadde alt i frå vanlig mat, til meir spesielle tyrkiske rettar. Eg er veldig førnøgd. 

Trist og grått på Flesland. 


På Lavik-Oppedal ferja på vei heim til Besta! 

Sjøl om vi storkoste oss på ferie, så var det jammen godt å komme heim att også. Borte bra, men hjemme best.

(og ja, eg prøvde å begrense bilde-utvalget, men eg feeeeila stort)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar