tysdag 13. august 2013

Snart 3 år og egne meininga

Om ei vekes tid blir Vilde mi 3 år, og det må så klart feirast både her og der. Att med middagsbordet i dag så snakka vi om at ho snart hadde bursdag. Ho er veldig fokusert på bursdaga og gleda seg veldig til det er hinna tur. Da skal ho få krone, "raketta" og vi skal synge hæppi bøshdej tu jul.
Eg har prøvd å fiske litt og spurt ka ho ønske seg til bursdagen, men det einaste ho vil ha er ein bil som ho kan sitte oppi, og som kjøre kjempe fort. Så det blir no spennande det.. 


For ei stund tilbake så diksuterte vi ken ho ville skulle komme i bursdagen sin, og da ramsa ho opp alle damene/jentene i familien, og når eg spurte koffor ikkje mannane/gutane fekk komme så var svaret klart: Dei kunne få vere der, men dei måtte stå ved siden av og ta bilde. Det var kun damene/jentene som fekk ete kake og sjå på pakkane, mens mannane/gutane hadde si oppgave.


I dag spurte eg ho igjen ken ho ville skulle komme i bursdagen hinna. Og svaret var klart: "Pia mi, onkel Ole, Eli mi og Rosita (ei som jobba i barnehagen)"
Men ka med resten da, lurte eg på. Nei, dei fekk ikkje komme. "Men viss dei har med pakke da!" Jo, besta kunne få komme viss ho hadde med ein bil ho kunne sitte i. 


Sjøl om Vilde sei at ingen får komme så veit eg at ho blir heilt i hundre når alle kjem for å feire ho, for viss der er en ting Vilde er glad i så er det familien og vennane sine, og det å få all oppmerksomheita frå dei. 


Eg er midt i planlegginga av kva eg skal lage, kor mykje eg skal lage, korleis eg skal pynte, Kva Vilde skal ha på seg osv... Mykje som skal tenkast på, for eg vil no at Vilde mi skal få den beste feiringa ho kan tenke seg. Sjøl har ho to krav for dagen, og det er rååååsa muffins og ei rååååsa kake! Og det skal eg vel klare..og slenge på eit par ballonga så er vel det i boks.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar