søndag 4. august 2013

Skorgedalen og venninnebesøk

Cathrin sendte melding i går om eg og Vilde ville bli med på fjelltur i dag, og det kunne ikkje vi takke nei til. Cathrin kom med et forslag om å gå opp til Skorgedalen og eg som er veldig glad i å gå på nye plassar, var villig med. 

Vi møtte Cathrin og Eirill på Statoil i Ørsta, og kjørte etter dei ut. Eg hadde/har ei gangsperre uten like frå styrketrening tidligare i veka, så eg var veldig spent på kor ditte kom til å gå. Men jo meir eg gikk, jo lettare vart det.. heilt til eg stoppa opp, da var det på an igjen. Så en kan trygt sei eg var låke i låra på vei opp, og låkare i låra på vei ned. Men til tross for gangsperre og låke lår, så var det ein veldig fin tur. Jentene gjekk mykje til og begynne med. Dei var på blåbærjakt, og gjekk vel egentli uten å tenke over det. Dei var kjempe flinke.


 Vi fant bringebær...

 ...og blåbær..


 Flinke små fjellgeitene..

 Etter eit godt stykke opp i bakken, så fekk dei seg litt kvile i kvar si bæremeis mens vi pusta og pesa oppover. Eirill sovna nesten på toppen, mens Vilde fekk komme ut av meisa og gå resten av veien. 

Vel framme hadde vi ei god pause med mat, kjeks, jus og sjokolade. Vi fant oss ein fin plass att med elva der jentene fekk kaste stein på elva, nåke som var kjempe stas. 

 Mammsen var ikkje vel nok i dag, her var det Cathrin for alle penga.. 

 To gode venninner som synes det var veldi kjekt å kaste stein. Og nesten alle steinane havna i elva.. 

 Så glad er vi, så glad er vi.. når vi er komt fram.. 



Nydelige Eirill


Etter ein kjekk fjelltur att med to av dei kjekkaste vi veit om, så satte vi kursen heim over igjen. 

Vi avslutta dagen med eit gledelig gjensyn for Vilde og bestevenninna si Eli. Dei har ikkje sett kvarandre heile sommaren, så vi tok oss ein liten tur ned til dei i ettermiddag. Sjøl om dei ikkje har sett kvarandre på over en mnd, så var det som om dei aldri har vore frå kvarandre. Ein god klem, og rett på rommet for å leike. Eli har to storesyste som Vilde synes er veldig stas, ho prøva avogtil å påstå at dei er hinna storesyste og..meeen... Så det var veldi kjekt at dei var der og ville leike litt med dei to små! 

I bilen på vei heim att så sitte Vilde med eit lurt smil i baksetet, så sei ho: "Spørr koffor ej e so blide da mamma"
Eg: "Koffor er du så blide?"
Vilde: "Ej har leika med Eli mi"

Så det var tydelig at det gjorde godt med litt kvalitetstid for dei søte små! På tirsdag er det barnehage , så da får dei leike i lag kvar dag igjen..

No har eg pakka jobbveska og er klar for nye eventyr i Oppigarden barnehage.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar