torsdag 29. august 2013

Rotsethornet :)

Eg har vore på Rotsethornet eit par ganger. Det er ganske bratt opp og eg synes det er like skummelt å gå ned att kvar gang. Eg har lenge hatt lyst å prøve "bakveien" opp på fjellet, sånn at eg kan gå opp brattsida og ned att "bakveien". Og i går gjorde vi det, eller vi gjekk "bakveien" både opp og ned. 

Eg va sta å henta Vilde i barnehagen, møtte Torgeir i døra heime, skifta og satt kursen mot Vassbotnen. Der parkerte vi bilen og gjekk i retnig Rotsethornet. Det var ein fin tur, både for store og små. Vilde gjekk litt, satt litt i meisa og so gikk ho litt på slutten igjen! God belønning på toppen med blåbær, kjeks og juice...og so å få skrive navnet sitt i boka! :) 

 Vilde starta med godt mot..

 ..og so vart ho plutseli veeeeldig sleta.. 

 ...men med litt lokking og saudejakt, så sprang ho avgårde igjen.. 

 Ho gjekk eit godt stykke oppover før ho bare "kollapsa" på bakken, og måtte sitte i meisa.. 

 Meg og mi aller beste er klare for Rotsethornet.. 


 Lisje fjellgeita mi 

 Vi er eit stykke opp i bakkane, og måtte ha ein liten pust i bakken... 

 Nesten framme no.. 

 We made it!! 

 Vilde sin aller første tur på Rotsethornet


1 kommentar: