laurdag 17. august 2013

Mormor og de 8 ungene

Eg har alltid synes at bøkene om Mormor og de 8 ungene er så koselige, og har gleda meg til Vilde blir stor nok til at eg kan begynne å lese dei for ho. Vilde er veldig glad i å bli lest for, og no har vi to mormor-bøker på vei i posten. 

I går fekk eg bilde av ei spent Thea som skulle på Mormor-kino. Eg har sett reklamene for kinoen på tv`en mange ganga og tenkt at dinne kinoen må vi ta med Vilde på. Så når eg fikk bilde i går, så gjekk eg inn på nettet for å sjekke korti den gikk i Volda. Den einaste tida som "passa" for oss var i går kl 19. Så vi heiv oss rundt, skifta og kom oss ned på kinoen! Vilde har vore på kino en gang før, og det var Karsten og Petra, så ho gleda seg veldig til ein ny kino. Eg var litt spent på om det kom til å falle i smak og om ho klarte å sitte i ro. 

 Vilde var veldig fornøgd med å få både popkorn, juice og sjokolade. 


Filmen varte i litt over 1 time, og eg synes det var ein veldig koselig film. En litt modernisert utgave av Mormor og de 8 ungene. Vilde hadde litt makk i kroppen under filmen, men satt for det meste i ro. Ho var nok litt trøtt sida filmen begynte i leggetider for små jenter. 

 
Eg spurte Vilde etter kinoen om ho synes den var kjekk. "Nei" var svaret eg fekk. Og når eg spurte ka som ikkje var kjekt, så svarte ho mormora. Ho likte ikkje mormora i filmen.. haha.. 
Blir spennande å sjå når bøkene kjem, om ho synes det er litt kjekkare å lese om dei. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar