laurdag 3. august 2013

Hakallegarden

På torsdag inviterte Marianne oss med til Hakallegarden. No er ferien til Marianne og dei over, og dei reise snart heim att til Grimstad. Så eg nytta kvar anledning til å suge til meg kvalitetstid med dei beste tantegulla i verda.. 

Vi kom rett etter det åpna, og før vi visste ordet av det så var det stengetid. Dagen flaug avgårde, og vi koste oss kvart eit sekund. Ungane var mest interesserte i kattepusane, hestane og leikeplassen, resten av dyra var ikkje så viktige. 

 På ferja, vi er klare for Hakallegarden







 Vilde er litt skeptisk på å sitte bak i hengaren til traktoren, tenk om den kjøre full fart??

 Sjå ken vi traff på. Vilde vart veldig glade for å sjå kjekke Andrea igjen. 












 Vilde er egentli redd for alle dyr, og da spesielt hesta. Men tøffe jenta tok utfordringa og synes det var veldig kjekt med ein ridetur. 



 Amalie var heilt frelst i alle kattane, og løfta på alle ho fekk tak i . 


Fine Hakallegarden

Vi hadde en utrulig kjekk dag, og synes det var dumt tida gjekk så fort. No er det altfor lenge til vi ser systa, Kaila og Amalie igjen, og vi kjem til å savne dei mykje. Men kvardagen måtte komme, og Marianne skal ta til på skulegang og jentene skal i barnehagen.
Vi leve lenge på alle dei gode minnene vi har gjennom sommaren.

1 kommentar: