søndag 18. august 2013

Første feiringa..

I dag har vi hatt første feiringa av Vilde sin 3 årsdag. Vi inviterte bestemor, bestefar, tante Kristine, onkel Robert, tante Pia og onkel Ole på kake og kaffi. Vilde har overnatta med bestemor og bestefar på hytta i natt, så ho kom i lag med dei. Da var huset pynta i råååsa, og kakene baka. 

 Rosa hjerter til å pynte borda med. 


 Og så klart råååsa muffins.. 

Vilde har vore i hundre sida ho kom inn døra, og til gjestane reiste heim att. Ho har fått mange fine gaver, og mykje oppmerksomhet. Ho har fått seg storejente-dyne, og to sengesett som passar til den. So har ho fått ei pute med bilde av ein katt, ei bukse, ei Mamma Mø bok, fargeblyantar, pengar og blåsebobler. 



Vilde er flink å rydda opp papiret etter seg, alt samlast i posen. 

Vi har hatt ein kjempe fin dag og Vilde er meir enn fornøgd. Den komande veka blir det tre selskap til, så det skal ikkje stå på oppmerksomheita vertfall. Men sånn er det når vi ikkje har verdens største hus, og når det ikkje passar seg for alle å feire samme dag. Og bursdagsbarnet har nok ingenting i mot å ete muffins et par ganga til dinne veka ;)

2 kommentarer:

  1. Kor kjekt ho he hatt det :)
    Vi gleda oss til å feire ho :)

    SvarSlett
  2. Tante Marianne vil også være med å feire :( <3

    SvarSlett