torsdag 29. august 2013

Rotsethornet :)

Eg har vore på Rotsethornet eit par ganger. Det er ganske bratt opp og eg synes det er like skummelt å gå ned att kvar gang. Eg har lenge hatt lyst å prøve "bakveien" opp på fjellet, sånn at eg kan gå opp brattsida og ned att "bakveien". Og i går gjorde vi det, eller vi gjekk "bakveien" både opp og ned. 

Eg va sta å henta Vilde i barnehagen, møtte Torgeir i døra heime, skifta og satt kursen mot Vassbotnen. Der parkerte vi bilen og gjekk i retnig Rotsethornet. Det var ein fin tur, både for store og små. Vilde gjekk litt, satt litt i meisa og so gikk ho litt på slutten igjen! God belønning på toppen med blåbær, kjeks og juice...og so å få skrive navnet sitt i boka! :) 

 Vilde starta med godt mot..

 ..og so vart ho plutseli veeeeldig sleta.. 

 ...men med litt lokking og saudejakt, så sprang ho avgårde igjen.. 

 Ho gjekk eit godt stykke oppover før ho bare "kollapsa" på bakken, og måtte sitte i meisa.. 

 Meg og mi aller beste er klare for Rotsethornet.. 


 Lisje fjellgeita mi 

 Vi er eit stykke opp i bakkane, og måtte ha ein liten pust i bakken... 

 Nesten framme no.. 

 We made it!! 

 Vilde sin aller første tur på Rotsethornet


søndag 25. august 2013

Hestehornet

Etter å ha stappa magen full av kaker og muffins, så frista det med ein fjelltur når vi kom heim att. Og et par minutt etter lysta meldte seg, så var bestefaren på vei for å passe lisjefrøkna. 

Sida det var sopass "seint" før vi kom i gang, så vart det ein kort, men fin tur på Hestehornet. Eg har aldri vore der før, så det er alltid kjekt å bestige ein ny topp. Eit nytt kryss i boka. 

Det var kjempe kaldt på toppen, så eg knipsa eit par bilder i full fart (såg når eg kom ned att at dei var ikkje av beste kvalitet), skreiv oss i boka og sprang ned att! 

 Solnedgang på vei opp til Hestehornet

 Utsikt over Volda

 Torgeir slappa av på toppen


På vei ned att kom eg på at eg ikkje hadde tatt bilde av meg sjøl, så da vart det et litt ned i bakken. Eg helde på å fryse ihjel..

Det var ein veldig fin kveldstur.

Tre år, fire daga til endes..

Da er veka snart over og eg skal bruke neste veke til å slappe av. 
Det har vore ei hektisk veke, med jobb og bursdagsselskap i fleng. 
Vilde har feira bursdagen sin 4 gonga, og det tar på. Både for mora og bursdagsbarnet. Det har vore 4 utrulig kjekke feiringa og Vilde har fått masse nye, fine ting. Ho er heldige som har so mange kjekke venna og familie rundt seg. Tusen takk til alle som var med å feira Vilde sin 3 årsdag. 

 Den beste 3 års jenta eg veit om.

 Hipp hurra for Vilde. Kjekt å komme i barnehagen og sjå at dei har hengt opp flagg til bursdagsbarnet

 Stolt jente som fekk seg krone i barnehagen. 

 Prøva ei av bursdagsgavene.. 

Hello Kitty kake

 Hello Kitty muffins

 Selskap nr 2. Med kjekke 3 åringar frå barsel/leikegruppa vår 

Selskap nr 3. Deilig fint sommarveir og feiring utendørs er tipptopp.

Selskap nr 4 var på Eid med besta, tante Kristin, oldemora, Lise, Rune, Silje, Andrè, Trond, Julia, Akp og Hallgeir. (eg tok desverre ikkje et einaste bilde dinne dagen, var for opptatt med å tyte)

Sjøl kor kjekt det har vore med selskap og mykje besøk nesten kvar dag, så skal det jammen bli godt å komme tilbake til kvardagen. Fisk og poteter resten av veka.

onsdag 21. august 2013

Vilde 3 år

Tenk at dinne lisje babyen er blitt 3 år.. 


Eg synes ikkje det er så lenge sida vi tok med oss dinne lisje hjerteknusaren heim frå sjukehuset.
 Tida går så altfor fort. 

Vilde er blitt ei veldig kjekk, god og sjølvstendig jente. Ho har nok av eigne meininga og veit veldig godt kva ho vil. Ho har til tider eit sprengande temperament, men ho er gullandes god. Ho gjev meg mykje glede, og eg blir like forundra kvar gang eg innser kor stor ho er. 
Ho er nysgjerrig, utforskande og synes det er veldig kjekt å lære nye ting. Ho er veldig flink å tegne, skrive bokstavar og ho kan å skrive navnet sitt. Ho er glad i å lese bøker og elsker å høyre eventyr og historier. 
 
 1 år

 2 år

 3 år

Vilde er det beste som nåken gang har hendt meg, og eg kjem ikkje over kor heldige eg er som har akkurat ho i livet mitt. Eg gjer alt for den jenta og er så utruli stolt over alt ho er og kan!
Mi aller beste Vilde-mor!





 

søndag 18. august 2013

Første feiringa..

I dag har vi hatt første feiringa av Vilde sin 3 årsdag. Vi inviterte bestemor, bestefar, tante Kristine, onkel Robert, tante Pia og onkel Ole på kake og kaffi. Vilde har overnatta med bestemor og bestefar på hytta i natt, så ho kom i lag med dei. Da var huset pynta i råååsa, og kakene baka. 

 Rosa hjerter til å pynte borda med. 


 Og så klart råååsa muffins.. 

Vilde har vore i hundre sida ho kom inn døra, og til gjestane reiste heim att. Ho har fått mange fine gaver, og mykje oppmerksomhet. Ho har fått seg storejente-dyne, og to sengesett som passar til den. So har ho fått ei pute med bilde av ein katt, ei bukse, ei Mamma Mø bok, fargeblyantar, pengar og blåsebobler. 



Vilde er flink å rydda opp papiret etter seg, alt samlast i posen. 

Vi har hatt ein kjempe fin dag og Vilde er meir enn fornøgd. Den komande veka blir det tre selskap til, så det skal ikkje stå på oppmerksomheita vertfall. Men sånn er det når vi ikkje har verdens største hus, og når det ikkje passar seg for alle å feire samme dag. Og bursdagsbarnet har nok ingenting i mot å ete muffins et par ganga til dinne veka ;)

laurdag 17. august 2013

Mormor og de 8 ungene

Eg har alltid synes at bøkene om Mormor og de 8 ungene er så koselige, og har gleda meg til Vilde blir stor nok til at eg kan begynne å lese dei for ho. Vilde er veldig glad i å bli lest for, og no har vi to mormor-bøker på vei i posten. 

I går fekk eg bilde av ei spent Thea som skulle på Mormor-kino. Eg har sett reklamene for kinoen på tv`en mange ganga og tenkt at dinne kinoen må vi ta med Vilde på. Så når eg fikk bilde i går, så gjekk eg inn på nettet for å sjekke korti den gikk i Volda. Den einaste tida som "passa" for oss var i går kl 19. Så vi heiv oss rundt, skifta og kom oss ned på kinoen! Vilde har vore på kino en gang før, og det var Karsten og Petra, så ho gleda seg veldig til ein ny kino. Eg var litt spent på om det kom til å falle i smak og om ho klarte å sitte i ro. 

 Vilde var veldig fornøgd med å få både popkorn, juice og sjokolade. 


Filmen varte i litt over 1 time, og eg synes det var ein veldig koselig film. En litt modernisert utgave av Mormor og de 8 ungene. Vilde hadde litt makk i kroppen under filmen, men satt for det meste i ro. Ho var nok litt trøtt sida filmen begynte i leggetider for små jenter. 

 
Eg spurte Vilde etter kinoen om ho synes den var kjekk. "Nei" var svaret eg fekk. Og når eg spurte ka som ikkje var kjekt, så svarte ho mormora. Ho likte ikkje mormora i filmen.. haha.. 
Blir spennande å sjå når bøkene kjem, om ho synes det er litt kjekkare å lese om dei. 

torsdag 15. august 2013

Skårasalen

Våkna i dag til blå himmel og vart automatisk i godt humør. Sola kom fram på formiddagen og humøret steig enda meir. Ostekake på pauserommet og eg var i himmelen! 

Ein sånn flott dag måtte virkelig nytast, og en av dei bedre måtane å nyte den på er ein flott fjelltur. Vi leverte Vilde med bestemora, og satte kursen mot dagens mål: Skårasalen. 
Ein flott tur, sjøl om det var bratt og steinete. Eg synes det er hærlig å kjenne beina jobbe seg oppover bratta, kjenne at kroppen blir sliten og gele, eg elska å kjenne gleden av å komme på toppen og bare nyte utsikta.

Vi er klare.


 Endelig på toppen. 


 Juhuuu... 

 Nyte utsikta. 

God tur



 Fin utsikt

Opp på toppen der er Skårasalen

  Litt mykje stein på vei opp mot toppen.

Det var en veldig fin tur, og tar gjerne turen igjen!

No er rumpa mi godt planta i sofaen og her blir eg til legge tid!