tysdag 9. juli 2013

Vanish 2013

Som eg har nevnt tidligare fekk eg tilsendt Vanish flekkfjerning som ein del av mitt meldemskap i Buzzador. No har eg fått testa det på litt forskjellige flekka. Eg hadde nåke klede som var flekka på, og som eg ikkje har fått vekk i vanlig vask. Og so fekk vi tilsendt ein stoffbit som vi skulle teste flekkfjerning på. 


 Ein "gammal" makrell i tomat flekk. Eg har vaska gensaren fleire ganga uten å få den vekk, men etter 1time blautlegging i vatn med ei dose vanish i, og ei normal vask, så er flekken så godt som vekk. 

 Ein flekk på ei t-skjorte. Denne er også vaska eit par ganger uten å få den vekk, og med 1time blautlegging i vatn med ei dose vanish i, og ei normal vask, så er flekken heilt vekk. 

Ditte trur eg også er ein makrell i tomat flekk (det er ikkje lett å huske/vite kva alle flekkane på barneklede er for nåke). T-skjorta er også vaska mange ganger uten å få den vekk, og etter 1 time blautlegging i vatn med ei dose vanish i, og ei normal vask, så er flekken så godt som vekk. Der er ein liten flekk igjen. Skal prøve flekkfjernaren ein gong til før neste vask. 

Her er flekkfjerningstesten frå Vanish: 

Eg har grisa utover dressing, ketchup, makrell i tomat, brunkrem og matolje. 
Og etter ei runde med Vanish så er det aller meste vekk. Ein kan sjå ein svak flekk frå brunkremen som ikkje forsvann, men ellers er alle flekkane borte vekk!

Eg må sei at eg er veldig fornøgd med Vanish-pulveret. Det er lett å bruke og fjernar flekkane lett som bare det. 
Eg har også testa flytande Vanish, men er ikkje like fornøgd med det. Synes ikkje det tok flekkane like bra, og så vart det mykje gris når eg skulle ta det på. Kansje det blir bedre med litt øvelse, så det får ein sjå seinare. 
Eg fekk eit tips me ei venninne om å bruke Vansih flekkfjerningsspray. Bare spraye på, vente 15-20 minutt og kaste den i maskina. Enkelt og greitt. Så no har eg kjøpt sprayen, men har ikkje fått testa den enda.

Eg har fremdeles fleire testpakkar med Vanish, så bare rop ut om du vil ha! 


2 kommentarer:

  1. Haha, ej vil gjerne ha fleire :P
    E det best å bløytlegge, framfor å ha det i maskina?

    SvarSlett
  2. Eg trur det er best å bløytlegge de..vertfall viss det er en vanskelig flekk :)

    SvarSlett