torsdag 4. juli 2013

Kaila 5 år

For litt over 5 år sida vart eg tante for første gang, til ei nydelig lita babyjente. Eg og Torgeir var på ferie i Danmark når eg fekk telefon med mamma og at ho var komt. Det var ikkje en del av min plan, ho var født 3 veke for tidli og vi hadde ei veke igjen på ferie. Eg fekk bilde av ei nydelig jente med mørkt hår og ei rosa sløyfe i håret. 

 Eg huska så godt at eg og Torgeir skulle innom en butikk for å kjøpe en liten pakke til den nye prinsessa, og endte opp med å kjøpe med oss en av kvart plagg som var på babyavdelinga. Alt var so fint og nusselig. 


Vårt første møtet med den nydelige prinsessa som fekk navnet Kaila var over ei veke etter ho var født, og gjett om eg hadde venta på det øyeblikket. Og ho var enda nydeligare i virkeligheta. 

No er det jammen gått 5 år, og den lisje prinsessa er blitt ei stor, og fin jente. Ho kan fremdeles det med å smelte tantehjertet og eg er utrulig stolt av ho. Det er ikkje så ofte eg får sjå ho lenger sida dei har flytta til Grimstad, men eg lever for dei øyeblikka vi får i lag. Eg blir like imponert kvar gang eg snakka med ho, over kor voksen og reflekterte ho er, kor flink og klok ho er. Ho er ei omsorgsfull og flink storesyste og søskenbarn, og vi er super glad i ho alle sammen. 

Finaste 5 åringen eg veit om..

På tirsdag kom mamma, systene mine og tantegulla mine på besøk for å feire 5 åringen var på skikkelig vis. Marianne og Kristin lagde prinsessekake, mamma lagde pastasalat, Torgeir lagde pizza og eg lagde prinsessemuffins. Det vart utlevering av gaver, masse mat og kakeeting. 


 Bursdagsbarnet fekk æra av å ta det første stykket av prinsessekaka....

 ...og det fiksa ho fint..

 Vilde ville også prøve å ta kake sjøl, og i barnebursdag er alt lov.

 Sjarmtrollet Mali mi.

 Trøtte tante Kristin som hadde vore på tidligvakt, og var så trøtte.. 

Jentene leika seg som vanleg veldig fint i lag, litt uenigheter til å begynne med sida Kaila fekk seg rooosa skateboard med tante Kristin, og alle ville prøve det samtidig. Men når det vart pakka vekk, så leika dei kjempe fint i lag. 
Tida gjekk utrulig fort, og plutselig var det på tide for dei å reise heim att.

Eg var skikkeli sprengde i magen etter alle søtsakene at eg bestemte meg for å ta en tur på Melshornet og gå av meg eit par kaloria. Sjøl om det var tungt for både mage og bein, så vart det jaggu ny rekord. 

Kjekt å "konkurrere" med meg sjøl innimellom..


1 kommentar:

  1. Kor kjekt å feire tantebarn :)
    Og ej må sei ej e imponerte over dej! Du e rett og slett spreke :)

    SvarSlett