søndag 7. juli 2013

Innholdsrik søndag

Eg begynte dagen i dag med å få sove lenge, og det gjorde veldig godt. Etter en kjapp frokost satte vi kursen mot Bjørdalen der vi skulle vere med på "Familiedag ved Dalsvatnet". 
Det var Elisabeth som lurte på om vi ville vere med, og når det vart so fint veir så kunne ikkje vi takke nei. 

Vi parkerte bilen på tunet til Elisabeth og dei, og gikk i lag med dei bort til Dalsvatnet. Vilde synes det er veldi kjekt å vere i lag med Marius, og dei sprang i lag langs veikanten. Det var litt kalde vind i dag så eg klarte ikkje bestemme meg om jakka skulle vere av eller på, men det vart ein fine dag fordiom. 

 I full fart på vei rundt Dalsvatnet. 

 Smiiil da Vilde. Æææhh?


 Her skulle vi tippe kor mykje kalven vog, men det var ikkje so lett.. 



 Finaste fine Vilde.. 

Kaste stein på vatnet. 

Vi hadde en veldig koselig tur med rebusløp (som vi ikkje leverte inn), sveler og godt selskap. Vilde og Marius sprang fint i lag, ikkje bare framover, men også mykje sidelengs og bakover. Men vi kom oss i mål, og hadde ein veldig koselig tur. Og eg fekk litt Emil-kos og Elisabeth-prat, og det er alltid like kjekt!

Når vi kom heim fekk vi besøk av Ole Martin og Pia. Dei hadde vore på tur i helga og hadde med ein liten gave til Vilde. Det synes ho var veldig stas, og ekstra stas var det når onkelen hadde lyst å ta på ho rååååsa neglelakk. 


Sida Vilde har ferie, men eg og Torgeir har ei veke igjen med jobb, så skal ho vere ned med bestemora på dagtid. Og etter å ha snakka litt i lag, så lurte vi på om Vilde ville overnatte med bestemor og bestefar i natt, og det var ingen tvil, det ville ho! Så da vart det sånn. 

Eg og Torgeir bestemte oss for å utnytte friheta og ta oss ein fjelltur. Ein fjelltur i lag! 
Etter vi fekk Vilde så er ikkje det like lett å ta spontane fjellturar i lag lenger,
 ting må planleggast litt meir. 
Men i dag passa det perfekt, både med barnepass og veir. 
Broren til han Torgeir hadde gått ei rute i går, og vi bestemte oss for å prøve på same ruta i kveld. 

Melshornet-Pølsa-Vardehornet-Prestesætra-heim


 Det var kaldt på toppen av Melshornet, så eg var lettare frostig på bildet. 

 På vei ned frå Melshornet på Ørsta-sida.

Det var ein veldig fin tur, men kjente godt at eg var sleta i beina når eg kom heim att. Det gjorde godt med ein varm dusj, og å legge seg på sofaen med beina høgt!

No er eg klar for mi siste jobbveke før ferie, ein siste innspurt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar