fredag 12. juli 2013

Første tur på tannlegekontoret

På onsdag fekk eg telefon med tannlegekontoret om Vilde hadde anledning til å komme innom dagen etter for ein rutinesjekk hos tannpleiaren. 

Eg og Vilde snakka litt om det å gå til tannpleiaren, og at det var viktig å gape høgt så ho fekk sjå alle tennene. Så Vilde brukte kvelden og morgenen på å øve på å gape. 

Vi møtte opp litt tidlig på tannlegekontoret, sånn at Vilde fekk leike litt på venterommet og gjere seg litt kjent. Vi fant både smålego og ein bamse.


Når tannpleiaren åpna døra, så spratt Vilde opp og fulgte villig etter ho. Trur ikkje ho brydde seg om eg vart med eller ikkje. Ho kom inn på kontoret og fulgte nøye med når tannpleiaren fortalde kva som skulle skje og kva dei ulike apparata/instrumenta var for nåke.
Og før tannpleiaren fekk fullført setninga om at Vilde skulle sette seg i stolen, så spratt ho opp i. Ho var kjempe klar, og gapa høgt.
Tannpleiaren fekk sjekke kor mange tenner ho har, og om dei såg fine ut. Ho hadde 20 tenner, og null hull. Ho har kryssbitt på eine sida, så det skulle dei holde aue med når nye tennene kjem ut.

Vilde er heilt klar

"Sjå kor høgt eg kan gape"

In action

Etter tannpleiaren var ferdig, så fekk Vilde seg ein premie; En ring medråååsa stein.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar