laurdag 22. juni 2013

Fredag

Det vart ein liten tur på kafe i går også! 

 "Vis meg sintefjeset dåkka"

 "Ikkje le da"

Søtaste trekløveret i heile verda.

Vi hadde oss ei lita runde med shopping og fekk kjøpt nye jakker og støvla til jentene, men da var tålmodigheten til jentene brukt opp og vi satt oss i bilen å suste heim. 

Vel heime fant jentene leikeformen, og leika seg kjempe fint i mange tima. Dei leika så fint i lag at eg tilogmed fekk meg en liten lur på sofaen. 

 Kaila tegna ei nydelig Hello Kitty tegning til tanta. Eg fekk også ei prinsesse, og dei tre bjørnane tegning. Ho er blitt så flink å tegne. 

 Her er leiken i full gang. Amalie er mamma, Kaila er storesyste og Vilde er baby. 

Og når man er litt uheldig og dette å slår seg, så er det jammen godt med kjekke søskenbarn som er der for å trøste. Mammsen er ikkje mykje tess da nei.. 

Når det var tid for middag, så var vi lettare tomme for idear og spurte jentene ka dei ville ha til middag. 

"Fiskegrateng"
"Pølse og pomfri"
"Pizza"

Det var svara eg fekk, og da vart det sånn. Det var jo fredag og da er det lov med litt ekstra kos.

Her er den kjekke gjengen med kvar sin middagsrett:




Det er ikkje lett å ta bilde av alle tre samtidig, og i tillegg få dei til å smile. I vertfall ikkje når Vilde og Amalie begynne å lage grimaser og ulike bevegelsa. 
Men dei vart mette og fornøgde, og da er ikkje bilda så viktige. 

Når kidsa var i seng så var det vi voksne så fekk bestemme middag, og vi kosa oss med heimelaga pizza a`la Torgeir. 

No skal vi nyte siste timane med besøk, før vi sette kursen mot Eid for ei overnatting der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar