torsdag 20. juni 2013

"Fikse-ting" dagen

I dag har vi hatt en "fikse-ting"-dag, og so avslutta vi med sommarfest i barnehagen til Vilde.

Vi begynte med å kose oss litt heime, med frokost og mykje kjekk leik. Jentene går for det meste veldig godt overens og leika seg kjempe fint i lag. Det er ei fryd å ha søskenbarna på besøk.



Eg skulle på besøk til nye jobben min i Oppigarden barnehagen kl 10 i dag, så mens eg var der så kledde Marianne på og gjorde jentene klare for dagen. Eg kom heim att til tre kjolefine jenter. 
Så satt vi oss i bilen og tok en tur på kafe, mens vi venta på at klokka skulle bli mykje nok til å levere bilen til litt vedlikehald. 
Vi kosa oss med svele og kvar sin is, det er jammen kjekt med sånne daga.





Klokka halv 1 var det tid for å levere bilen på Bjørdal, og mens den var der så skulle vi en tur til politiet å ordne oss pass. Men når vi kom fram dit så kom eg på at vi ikkje hadde med oss nåke, ikkje gamle passet mitt og ikkje fullmakt frå Torgeir på at Vilde kunne få seg pass. Så det vart ein bomtur.
Vi møtte han Torgeir på Spar for nok ein is, før vi stakk å henta bilen. 

Amalie måtte ha seg en liten kvil på toalettet på Skeidar.

Når vi kom til Volda igjen vart det litt shopping før det var på tide å komme seg heim å gjere seg klar til sommarfest. 




Vilde og resten av barnehagegjengen hadde øvd inn eit supert program. Dei song mange songa, og dei eldste fekk utdelt diverse diplomar. 


Det vanka dessuten ei gave eller to til personalet også. Vilde, og dei tre som vart flytta ned på storbarnavdelinga før påske hadde slått seg sammen og kjøpt ei lita gave til dei kjekke ansatte på Furu og Birki. 


Etter programmet var det grillings, is og mykje leik i barnehagen. Vi vaksne satt fint på ein benk og prata, mens ungane styrte seg fint rundt om på leikeplassen. Det var ein veldig kjekk sommarfest, både for store og små. 

No ligge dei søte små godt under dynene sine, eller oppå dei. Og eg og systa ligge på sofaen, og her blir vi liggande resten av kvelden..


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar