måndag 24. juni 2013

Eidahelg

Vi våkna opp på lørdag, og hadde ein rolig morgen her heime før vi pakka i bilen og reiste nedi barnehagen for å leike oss litt. Eg hadde lovd Kaila at vi skulle ned å leike, og da vart det sånn. Vi var ikkje der så lenge, for det er ikkje alle som er like glad i regn (*kremt*). 






Og på grunn av at han Torgeir hadde litt å fikse, så tok eg med meg jentene og Marianne til Eid i vår bil, og so kom Torgeir i Yarisen til Marianne etterkvart. 

Ut på tur, aldri sur

Når vi kom til Eid så romla magane våre litt, så da tok vi likesågodt eit kafebesøk til.
Vi leve det gode liv.

Tante AnnInger ringte og sa vi måtte komme opp i gata, så når vi hadde ete oss gode å mette så gjekk vi for å møte familyen.
Det er sommarshopping på Eid, så dyrebutikken hadde tatt ut kaninene sine sånn at folk kunne holde dei. Og der vart så klart vi ståande.
 Dei var veldig søte da, så eg sa til Vilde at ho måtte sei til pappaen sin at ho ville ha ei kanin.

Litt skummelt til å begynne med, men ho vart fort trygge på kanina.




Eg og Torgeir kjøpte biletta til Malakoff, og kvar si t-skjorte. Så no er vi klaaaare. Eg gleda meg sånn! 


 Etter å ha trakka litt fram og tilbake i gata, så inviterte bestemor oss på vafler og brus. 
Vilde synes det er veldi kjekt å vere på besøk med oldemora, og det første ho gjer når ho kjem inn døra er å finne seg tegnesaker og legge seg midt på golvet å tegne. 

Litt tøys med oldemora. 

Sida det er jonsok på søndag, så inviterte tante Lise oss på "tidlig-jonsokfeiring" i hagen. Vi grilla mat, tente bål og kosa oss til langt på natt. Det er veldig koseli å samlast heile familien, og eg kosa meg alltid veldig masse. 
Vilde var heilt i hundre heile kvelden, og var vel ikkje i seng før klokka 22. Og sida Vilde sov so godt når vi skulle reise heim att, så fekk ho overnatte med Silje og Andrè. 


Jentene grilla pølse på bålet



Søndag hadde vi ein rolig dag heime. 
Alle jentene var trøtte og leide, så det var deilig å bare slappe av.

Vi var ned på Eid kl 17, og såg på Andrè som var brudgom i jonsoktoget.
 Kjekke søskenbarnet mitt. 

Andrè og Emma


Vi avslutta helga med middag/kvelds på Dolca Vita før vi satte kursen heimover igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar