fredag 17. mai 2013

Hipp hipp hurra

For en fantastisk dag det har vore.
Vi begynte dagen litt etter skjema, men det var deili å sove litt ekstra i dag. Det vart litt stress med dusjing, frokost og pynting, men vi kom oss ut døra akkurat i tide. Vilde våkna forresten opp med dinne kommentaren: "Mamma, i dag er det 17mai, da må ej få is til frokost" Og sånn vart det, is til frokost. 

 Vilde er klar for 17 mai feiring i den nydelige bunaden som oldemora har strikka til ho. 



Vilde gleda seg veldig til å gå i tog, og kunne ikkje komme seg fort nok ut gjennom dørene. Når vi kom ned til sjukehuset møtte vi mykje kjentfolk. Vi fant barnehagen til Vilde og stilte oss opp. Vilde fant bestevenninda si Eli og da var dagen komplett. Dei to gjekk i lag nesten heile toget, og kosa seg godt i lag. Kjekt å sjå kor mykje glede dei har av kvarandre, og kor kjekt dei hadde det i lag i dag. Vi hadde ikkje med vogn i toget, og vart litt skeptiske med tanke på kor mykje Vilde orka å gå. Men ho gjekk heile toget uten å klage, flinke snuppa. 

Vilde og Eli i full fart i toget :)

Vi møtte bestemora og bestefaren på slutten av toget, og dei gjekk i lag med oss siste biten. Vilde fekk seg luftballong med dei, før vi satte kursen vidare mot Eid for vidare feiring av nasjonaldagen. 


 Vilde fekk velge ballong heilt sjøl. Først ville ho ha Hello Kitty,så var prinsessene veldige interessante, men det endelige valget falt på Lynet McQueen:)


Meg i bilen på vei til Eid :) 

Vi kom til Eid akkurat tidsnok til mat, perfekt timing. Sida det var så fint veir, samlast vi alle i hagen til bestemor. Det var ekstremt varmt, og eg kokte lett under bunaden. Men eg holdt ut heilt til etter folketoget og leikane, og takka vere tante AnnInger så fekk eg bytta til kjole. Det var mykje meir behagelig enn en heite bunad.

Eg og Vilde gjekk litt av folketoget, men så ville ikkje ho meir. Så vi tok bilen bort til Valhall i steden, sånn at Vilde fekk vere med på leikane. Ho kasta hestesko, sprang potetløp og hoppa i sekk. Veldig kjekt, og det vanka en sjokolade i premie. 

Vilde er meget konsentrert i sekkeløpet :) 

Ei veldig glad Veronika som har bytta ut den varme bunaden med en lett kjole.

Når vi kom bort til bestemor igjen, var det tid for kaker og kaffi. Eg hadde laga 17-mai muffins for anledningen. Vi kosa oss i sola og Vilde hadde det hivens i lag med søskenbarna mine. Dei var fleire tura bort på Esso for å kjøpe is, så eg trur nok dei fekk nok is i løpet av dagen alle tre. 





Silje og Andre høgt opp i flaggstanga.

Vi avslutta dagen med å sjå tappenstreken gå forbi huset til bestemor, før vi reiste opp til mamma og kasta oss ned i kvar vår sofa. 

En meget vellykka 17 mai med strååålande sommarveir. Eg ser fram imot resten av pinsehelga ein følelse av sommar!

P.s: Der kjem eit innlegg om helga vår i Grimstad, men må få sortert litt bilete først. Det kjem i løpet av pinsehelga. Stay tuned...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar