søndag 19. mai 2013

Grimstadhelga vår :) (laaaangt innlegg)

Forrige helg var det endeli tid for en etterlengta tur til Grimstad. Vi hadde ikkje sett Marianne, Kaila og Amalie sida jul, så vi telte ned tima og daga til vi endelig skulle få vere i lag med dei igjen. Og sida det var fridag og planleggingsdag så vart det langhelg på oss, og det trengte vi virkeli. Det var egentli for kort det også, men mykje bedre enn ingenting :)

Vi reiste frå Volda etter styrarmøte på onsdagen, og var i Grimstad rett før midnatt. Og eg må sei eg er imponert over Vilde. Eg grudde meg litt til å kjøre på dagtid, og såg for meg ei utålmodig Vilde og maaaange stopp nedover. Men det gikk strålande! Ho var blide og fornøgde heile turen, og klagde ikkje en einaste gang. Fantastisk, all ære til ho :)




Når vi kom ned til Grimstad så la vi Vilde rett i senga der vi skulle sove, prata litt med Marianne før vi stupte i seng sjøl og. Og morgenen etter vart vi vekt av to fantastiske klemma frå verdens beste tantegull. Det var utrulig godt å sjå dei igjen, og eg kjente virkeli kor mykje eg har savna dei.

Vi fekk ikkje mykje tid til kos på morgenen for vi bestemte oss i full fart at vi skulle vere med på sjørøverfrokost i Dyreparken. Vi pakka ned overnattingskle, badekle og alt vi trengde for to daga på farta. Torgeir kjørte Marianne ned på bussen, og når han kom opp att var det bare å pakke ungane i bilen å suse avgårde. På vei til Dyreparken fekk vi telefon med Marianne om at ho hadde sett feil i bussruta og rakk dermed ikkje frokosten.
Vi stressa oss inn på parkeringsplassen, ut av bilen med alle ungane og full fart ned til båten til Kaptein Sabeltann. Vi rakk det akkurat, og fekk gå ombord på båten som skulle frakte oss trygt over til forkosten. Alle tre ungane var veldig spent på kva som skulle skje, og eg trur dei var litt nervøse og. Vi var jo trossalt omringa av Kaptein Sabeltann sine sjørøvera.






Vi kom trygt fram til Dyreparken og vart ført inn i ein restaurant/cafè, der det var dekka på og gjort klar til sjørøvarfrokost.


Alle fekk kvar sitt sjørøverskaut sånn at vi vart ekte sjørøvarar.
Det var koldtbord og utvalget var det lekraste sjørøverrettar, med både sjørøvarsmoothie, sjørøvarspeilegg, sjørøverpølser, sjørøvervafler og ikkje minst ROTTESUPPE. Alle ungane vart utfordra til å ete rottesuppe, det var ei slags grøn/brun suppe med grøn spaghetti og grøne pølser. Vilde og Torgeir var dei einaste som tørte å smake på det med oss. Kaila vart heilt satt ut av at dei tørte, satt bare å måpa.




Etter frokosten hadde sjørøvarane litt underholdning med skuespill, sang og skattejakt der alle ungane fekk kvar sin diamant av Kaptein Sabeltann sin skatt.






Vi tok båten tilbake til Abra Havn og gjekk bort til Dyreparken for å møte Marianne. Vilde og Amalie gleda seg veldig til å tilbringe dagen i Dyreparken, mens Kaila gleda seg mest til å få overnatte i Abra Havn. Vi hadde en veldig koseli dag i Dyreparken til tross for litt dårlig veir. Det var tåkete, og lett yr innimellom. Vi fekk sett tiger, løve, ape, krokodille og masse meir. Sida vi hadde bare en dag i parken, så valgte vi ut det vi aller helst ville sjå, og so fekk resten bare vere.










Vilde slutta med tutten sin i påska og har venta lenge på å få gje dei frå seg til Kaptein Sabeltann, og endelig var dagen komt. Ho var kjempe flink, og sendet alle tuttane ned til skattekista. Ei kjempe flink og stolt Vilde.



Endelig så var klokka 17, parken stengte og Kaila fekk ønsket sitt oppfylt om å reise tilbake til Abra Havn for å finne huset der vi skulle overnatte. Vi skulle sove i Villa Rosa, som er huset til dama til Langemann. Det var ei fantastisk kul leilighet med to soverom, stue/kjøkken og eit stort bad.






På kvelden fekk vi vere med sjørøvarane for å heise ned flagget, og dei laga eit fantastisk show til oss. Amalie var heilt forelska i ho eine sjørøvardama og hoppa i armane hinna kvar anledning ho hadde. Dei var lettare sjenerte og skeptiske til å begynne med, men dei varma opp ganske raskt og da vart det veldig stas med alle sjørøvarane.

Amalie i armane til favorittsjørøvaren sin.



Etter dei hadde heisa ned flagget så var det å få dei tre små i seng sånn at dei vart klare til morgadagen! Dei var ganske oppgira så det tok litt tid før dei sovna.

Vi våkna tidleg neste morgen, og tok turen ut for å sjå på at flagget vart heisa igjen. Mens vi kledde på oss hørte vi at det smalt tre ganga, og sjørøverane var på vei inn i Abra Havn igjen. Vi såg på at dei heisa flagget, og tok oss ein tur rundt for å utforske heile Abra Havn. Det var ganske kaldt og regnfullt, så det vart en kort tur.






Det gjorde egentli ikkje nåke at det var så dårleg veir denne dagen, for vi skulle vere inne heile dagen. Marianne og dei hadde planlagt at vi skulle på Badelandet, og det passa jo perfekt.
Vi kosa oss i mange, mange tima inne i Badelandet. Der var eit barnebasseng med sile og masse småleika oppi, eit større basseng med bobler og foss i, eit basseng som begynte grunt og vart djupare og djupare (her var det og bølger i kvar halvtime) og eit boblebasseng. Uteområdet var ikkje åpe enda, så det fekk ikkje vi utforska. Vilde storkoste seg og sjøl etter å ha vore der i 4 tima, så var egentli ikkje ungane klare til å reise heim att. Vi reiste for å ete middag, og når vi skulle sette kursen tilbake til Grimstad så var det så seint at alle tre ungane sovna i bilen. Vi bar dei rett i seng, og etter litt Dyrejatzy så måtte eg bærast i seng også. Eg var heilt utslitt og hadde behov for litt ekstra søvn.

Lørdagen hadde vi ingen plana. Vi var ute å sykle litt mens Marianne las til eksamen. Vi var ein tur på senteret, og på kafè. Vi kosa oss mykje kjekk leik på rommet til Kaila og Amalie. Ungane var trøtte og leide, så det passa fint og ikkje ha nåken spesielle plana denne dagen!

Litt action i kvardagen. Matlaging gone bad i naboblokka førte til at brannbilen kom.

Søndagen var det påtide å reise heim att for vår del, men først hadde vi eit par tima til rådighet til å suge til seg siste rest med kos. Vi sykla, leika og koste oss med ein is.







 Når det var på tide å reise vart alt bare trist. Eg hadde klump i halsen, men hadde bestemt meg for å ikkje vise Kaila og Amalie at eg var lei meg, men heller fokusere på at vi gleda oss til å sjå dei igjen. Men det gikk rett vest. Eg fikk verdens beste klem med begge to, og skulle til å sette meg i bilen. Eg ser en siste gang på dei to jenten og ser at Kaila står der med tårer trillande ned over begge kjakane. Eg måtte bort å gje ho en kjempe klem til, og det endte med at vi begge grein så tårene spruta. Det vart ett tårevått farvell, og eg hadde lite lyst å reise. Men det er heldigvis ikkje så lenge til vi sjåast igjen, og da har vi heile sommaren på oss til mykje kvalitetstid. Turen heim gjekk like strålande som turen ned. Einaste var vel at Vilde nekta å sove og var våken heilt til vi kom til Austefjorden, og da var klokka 23.30..

Vi hadde en fantastisk tur og det var veldig godt å få vere i lag med systa og tantegulla igjen! Eg tar med meg alle gode minna og alle dei gode klemmane, og lever på dei fram til dei kjem heim att!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar