laurdag 25. mai 2013

Fin dag i frisk luft :)

Vi tenkte å prøve oss på nok en fjelltur i dag og hadde invitert med oss Cathrin og Eirill. Vi våkna opp til skodde langt ned i fjella, men håpte på det skulle løyse seg litt opp utover formiddagen. 
Cathrin og Eirill kom, og vi satte kursen oppover. Jentene gjekk litt, og satt litt i meis.




Ei lita "matpause" måtte til på vei oppover.
 
Vi kom opp til Dinglavatnet, fekk skreve oss inn i boka og var klare for turen vidare. Men neida, der låg skodda tjukk og lavt nede, så vi tok ikkje sjansen på å gå oppover med jentene på ryggen. 


Vi tok oss ei lita matpause ved Dinglavatnet før vi gjekk ned att igjen. Begge jentene sovna i kvar sin meis på vei ned att, og da fekk vi anledning til å prate litt i lag uten å bli avbrutt. 



Det var en veldig kjekke tur sjøl om vi ikkje kom heilt opp på Melshornet! 
Jentene koste seg og vi mødrene fekk trimma oss litt og tatt igjen litt tyting.

Når vi kom heim att lagde vi oss litt lunsj, og so klårna det plutseli opp. Skodda forsvann meir og meir, og sola braut gjennom. Vi bestemte oss for å gå en tur ned i Bratteberg barnehage og leike oss. 
På vei ned såg vi att bilen til bestemor og bestefar var komt i innkjørsla, og da ville Vilde inn å helse på dei. Vi var en snartur innom før vi gjekk ned i barnehagen. 






Etter ei god stund i barnehagen, fant Vilde ut at ho måtte plukke blomster til bestemor. Vi plukka med oss nokre fine blomster frå veikanten, og gjekk opp att til bestemor og bestefar. Der var vi fram til det var på tide å reise heim for bading og legging. 
Vilde fekk seg fine sydengave, og det var veldig stas. 

 Veske med "Vynet McVeeen" på.

 Og fin kjole med 101 dalmantinere på.

No er eg heilt gåen, tar på å vere ute i frisk luft heile dagen :)
 Skal bli godt å gro fast i sofaen resten av kvelden..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar