onsdag 1. mai 2013

Atlanterhavsparken

På søndag pakka vi oss inn i bilen og satte kursen mot Ålesund og Altanterhavsparken. Vi hadde nemmelig fått spørsmål med eit vennepar om vi ville vere med, og det ville vi så klart.
Vi kom fram akkurat i det akvariet åpna og hadde heile dagen foran oss. Vilde var heilt i hundre og satt heile bilturen og gjentok: "Mamma, ej og Signe er bestevenna" "Vi er bestevenna" "Siigne mii", så ho var kjempe gira på å få leike i lag med Signe igjen. Det er desverre ikkje så ofte vi er i lag med dei, men jentene fant tonene med en gang. Dei leika seg kjempe fint i lag heile dagen, og etterkvart vart lisjesysta Silje også med. 


Når vi betalte inngangsbilletten så leverte vi inn tuttane til dei store jentene, for dei skulle babyfiskane få. Vilde skal jo egentli gje dei til Kaptein Sabeltann, men ho har no so mange at babyfiskane og kunne få ein.

Vilde vart heilt i hundre og synes det var kjempe stas å sjå på alle fiskane. I begynnelsen så sprang ho bare frå vindu til vindu og hadde knapt tid å sjå på fiskane. Ho sprang nesten rundt seg sjøl, men heldivis så roa ho seg ned etterkvart! :) 
Vi hadde med oss speilreflekskameraet, men eg hadde då ikkje sjekka batteriet på forhand, så det gikk tomt for batteri etter ca en halvtime. Så da vart det mobilbilder resten. 




Kl 13 var det tid for å sjå på at dykkaren mata fiskane i stortanken. Og det var ekstra stas for dei to store jentene våre å vere der, for før dykkaren kom så fekk Vilde og Signe diplom fordi dei er så flinke å slutte med tutt, og på slutten av "showet" kom dykkaren inn i tanken med tuttane deira, og svømte bak for å gje dei til babyfiskane. 


Etter dykkershowet var over så var det tid for å besøk slangane. Eg hadde kjempe lyst å holde en, men var litt usikker på om eg kom til å tørre det. Men jaggu, det gjor eg gitt. Slangen var super søt og liten, så det gjekk egentli veldig greitt. Vilde var og med fram, men ho var veldig skeptisk. I begynnelsen ville ikkje ho klappe den, men ho tok på den med ein peikefinger til slutt. 







Etter en lang dag på Atlanterhavsparken kjørte vi inn til Moa
der vi kosa oss med pizza og dessert på Peppes Pizza.

 

Vi hadde en utrulig kjekke dag og gleda oss allerede til neste gang vi skal vere i lag. Vilde prata mykje om alle fiskane og om at ho leika seg med "Signe mi" :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar