torsdag 23. mai 2013

Årets første fjelltur

I dag har eg og Vilde vore på årets første fjelltur til fots :) 

Det var så fint veir, og på vei heim frå jobb så prøvde å egentli å tenke ut ka eg skulle lage til middag. Nåke enkelt og greitt sånn at vi kunne vere mest mulig ute, eeeller kansje vi bare skulle pakke med oss litt niste og stikke på fjelltur. Torgeir var sein heim frå jobb så det vart bare oss jentene som gjekk på tur. 

Destinasjonen var Helgehornet, og det var en veldig fin tur :)

Her er vi på vei oppove. 
Vilde skulle egentli gå sjøl, men ho sovna på vei bort og eg satt ho bare i bæremeisa for å la ho våkne skikkeli, og der satt ho visst heilt til topps. Tungt, men god trening for lår og rumpe. 

Vilde er på toppen og super fornøgd med det.

Viktig å skrive seg i boka når kjem seg til topps.



Det var fint på toppen sjøl om det var litt vind der. Vi åt litt av nista vår, og so satt vi kursen ned att. 

Vilde var veldig flinke og gjekk ned att heile veien. 





Viktig med drikkepause




Der var en kjempe fin tur, og det blir nok ikkje lenge før vi tar på oss joggeskoa og traska oss oppover ei ny fjellside.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar