laurdag 6. april 2013

Godt med helg! :)

Det var ubeskrivelig godt med helg dinne gongen her. Etter ti daga med påskeferie, så var det tungt å begynne på jobb igjen! :) 
 
Siste dagen før kvardagen innhenta oss igjen, brukte vi heime med oss sjølve. Vi bare kosa oss inne, sida veiret ute ikkje var det beste. Vilde vart litt rastlause, og det skjønna eg godt. Etter mange daga med strålande veir og mykje utetid, så blir det litt rart å vere inne heile dagen. Så for å aktivisere jenta litt, så baka vi pizzahorn og kanelsnurra :) 

 Vilde var meget konsentrert og tok oppgava seriøst! :) 

Litt tv-sjåing vart det og denne dagen sida det var Istid-maraton :) 
Må bare dele ditte bildet av Vilde, heilt inn i filmen:

Det var litt skummelt.

Heldigvis letta veiret litt utpå dagen, så Vilde fekk seg en tur ut for å leike i snøen. Vilde er veldig glad i å vere ute, og enda meir glad i å leike med snø :) 




Resten av veka har gått med i jobb, leik og trening. Hardt å vere tilbake i kvardagen.

På torsdag var det tid for klubb med dei kjekkaste jentene. Og sida Hildegunn nettopp har fått baby, så bestemte vi oss for å overraske ho litt. Vi avlyste klubben, Cindy hadde så mykje å gjere på jobb. Og so avtalte vi med Henning at han skulle holde ho heime, det endte med at svigermora til Hildegunn ringte og sa ho skulle komme på besøk. Men når det ringte på døra, var det vi stom stod der. Cindy hadda laga mat, Kristine hadde laga bleiekake og eg hadde laga Cupcakes. Hildgunn vart skikkeli overraska, og skjønte ikkje heilt ka vi gjorde der med en gang. Men ho inviterte oss heldigvis inn, og vi fekk helse på skjønnaste Bjarne. Vi hadde en super koselig kveld, med mykje prat og babykos! :)


I dag har vi vore på farten omtrent sida vi stod opp. Eller Vilde bestemte seg for at dagen skulle begynne kl 06.00, så vi hadde no vore våkne i 4 tima før vi reiste avgårde.

Vi fekk invitasjon med Eirill til 2 års dags-feiring, og det ville vi så klart vere med på. Og når eg skulle finne fram kjole til Vilde så oppdaga eg at ho har vokst ut av alle kjolane sine, så einaste som var der va julekjole og bunad. Sida vi allikavel måtte på Amfi for å kjøpe gave, så kjøpte vi nytt bursdagsantrekk i samme slengen :)
Vi koste oss mykje i selskap i lag med mange søte små. Ingen kjente, men det stoppa ikkje Vilde. Ho fant spesielt tonen med ei jente som var litt yngre enn ho sjøl. Kjekt å sjå at ho klare å skaffe seg nye venna på egenhand! :)

Etter selskapet vart det ei ny shoppingrunde. Amalie vart 3 år 1 april, og det fortjena no en gave. Emil skal døypast i morga og vi er invitert i etterselskap, og det fortjena en gave. Og Vilde har slutta med både tutt og bleie, og det fortjena vertfall en gave/premie :)

Stoltaste jenta som er blitt så stor. Ingen tutt og ingen bleier! Kor vart babyen min av?! :)
Men veldig godt at ho er blitt så store :)

Tutte-slutten var "tvinga", eg bestemte meg for at i påska var det nok. Men bleieslutten tok ho initiativ til sjøl. Eg hadde tenkt å "utsette" den til sommaren, men her en dag så ville ho ikkje ha på bleier meir. Kun gå i truse! :)
Ho bestemte seg vel for at no var ho store jente, og eg kunne ikkje vore stoltare. Flinke jenta mi :)


Vilde gjekk inn på leikebutikken, rett bort til ditte bilsetet med baby oppi, og valget var tatt. Eg spurte om ikkje ho ville sjå seg litt meir om i butikken, men neida...dinne skulle ho ha :)

Ettermiddagen har vi tilbrakt ned med bestemor og bestefaren til Vilde. Onkel Ole og Pia var der og, så det var kjempe stas. Vilde er lettare frelst i Pia, så ho fekk gjennomgå i dag. "Pia, Pia, Piiiiaaaa"


 No er lisje frøkna i seng, og eg sitte å venta på middag. Min kjære står på kjøkkenet og laga biff til oss. Eg gleeeda meg! :) Eg må nyyyte siste kvelden i lag med Torgeir på lenge, for i morga reise han i Sivilforsvaret i tre veke, og eg og Vilde skal vere heime aleine! Han kjem heldigvis heim eine helga, og so reise vi sikkert heim til mamma den andre helga :)
Det skal nok gå bra, vi er så heldige å ha mykje familie og venna som kan hjelpe til som barnevakt! Vips, så er dei tre vekene over, og min kjære er heime igjen! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar