torsdag 28. mars 2013

Palmehelga

Det har ikkje vorte mykje bloggtid i hittil i påska, men her kjem et par innlegg om ka vi har gjort hittil :) 

I helga så reiste vi heim til Eid for en god start på påskeferien vår. Det første vi gjorde når vi kom til Eid var å stikke innom Bare Barn for å kjøpe babypresang. For vi skulle nemmelig endelig få sjå det nyaste tilskudde i venneflokken vår, Reiel Magnus. Han var født 3 desember, men vi har ikkje hatt anledning til å treffe han før. Vi møttes alle sammen opp med Veronika. Eller, det var meg, Vilde, Torgeir, Stine, Thea, Ingvil, Reiel Magnus, Veronika, Alexander og Marte. 
Det er alltid like kjekt å møtast, men litt ekstra stas var det dinne gangen sida vi skulle få treffe Reiel Magnus for første gang. Og for en liten skjønning han er! Veldig like pappaen sin :) 
Vilde synes det var veldig kjekt med en liten baby, og var heile tida bort for å stryke på og for å lese litt bok til han. 




Vilde synes og det var veldig kjekt å leike med Thea og Alexander, og lydnivået vart ganske høgt etterkvart. Så vi bestemte oss for å stikke opp i barnehagen å leike litt, få ut litt energi :)

Etter en times leik i barnehagen var det på tide å avslutte, og reise for å treffe besta! :)

Når vi kom ned på Eid hadde Lise invitert oss på basar i Valhall, og han Andre skulle spele klarinett. Det måtte vi så klart få med oss! Det vart ein kort tur, men vi fekk med oss både at han Andrè spelte, og ei runde med åresalg :) Vilde vann seg ei vekkerklokke og ei biteleike :) 





Resten av lørdagen gjekk med til middag og sofasliting :)

Søndag reiste vi ned til oldemora for å snakke litt med ho. Vi fekk oss gode bollar og kake, og Vilde fant ei korg med gamle leikar. Det var stas :)


Besta skulle lage klubb til middag, og mens ho holdt på med det, så gjekk vi ut og hoppa litt på trampoline. Vilde hoppa, hoppa og hoppa. Vi var der i over en time, og fremdeles så var ikkje ho leide. Spørs om vi skulle hatt ei sånn ei her heime :)






Når vi la oss på søndagen, kunne ikkje natta gå fort nok. For dagen etter skulle besta ut i Kjølsdalen og hente Kaila og Amalie. Dei er på påskeferie med pappaen sin, og vi fekk lov å låne dei eine dagen. Vi har ikkje sett dei sida jul, så vi gleda oss masse til å treffe dei igjen!
Så mandagen gjekk med til masse kvalitetstid med dei to hærlige jentene. Einaste som mangla var Marianne! Men det er bare litt over 1 mnd til vi skal ei langhelg til Grimstad!


Det var trist å måtte reise frå dei, men vi har vertfall nåke å sjå fram til!
Vi telle ned dagane til vi ser dei igjen! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar