måndag 4. mars 2013

På kino for første gang..

I går var Vilde på kino for aller første gang! :) 
"Karsten og Petra blir bestevenner"
Eg var lenge usikker på om eg skulle ta ho med, usikker på om ho hadde ro i kroppen til å sitte i ro så lenge. Men etter å ha prata med ei venninne om det, så bestemte eg meg egentli for å gje dei ein sjanse. Vilde elska Karsten og Petra, og har ro i rumpen til å sjå litt tv heime. Og kva var det verste som kunne skje, at vi måtte gå før filmen var ferdig! :)

Vi snakka mykje med Vilde om at vi skulle på kino for å sjå en Karsten og Petra-film, og ho gleda seg mykje! Ho leser/ser mykje i Karsten og Petra-bøkene sine, så ho veit kven dei er. "Petra-boka mi" :) 

Når vi kom fram på kinoen, så fekk Vilde velge seg en liten snop som ho skulle få kose seg med under filmen. Og valget falt på en Mentos. Vi kjøpte popkorn og litt snop til oss voksne også. Vi va litt tidlig ute, så det vart tid til litt bevegelse i kinosalen; Opp og ned av setet, kike bak på alle som var der, kommentere alt som skjedde. 
Når lysa vart skrudd av, så satt ho seg fint opp i setet sitt og venta spent på at filmen skulle begynne. Og utrulig nok så satt ho fint heile filmen. Ho satt oppslukt å fulgte meg, og følte virkeli på savnet når Petra mista Frøken Kanin. Da var både Vilde, Petra og Frøken Kanin lei seg, men heldigvis gjekk det bra til slutt! Litt makkerier vart det dei siste 15 minutta, litt opp og ned av fanget, og ned frå stolen. Men eg synes det er imponerande at "makkerumpa" klarte å sitte i ro i over en time, og følge oppslukt med på filmen :) Ho synes nok filmen var veldig kjekk, og har prata om den i etterkant! Veldig kjekt med Karsten og Petra! :) 

Vilde er klar for å sja film med popkorn og Hello Kitty flaska si :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar