fredag 22. mars 2013

Legevakta

På onsdag fekk eg en telefon frå barnehagen som gav meg klump i magen. 
Eg satt på styrarmøte, og plutselig så begynte vi å reagere på en mobil som vibrerte og vibrerte. Eg fant til slutt ut at det var min. To ubesvarte frå han Torgeir og to ubesvarte frå et ukjent nr. Eg prøvde å ringe begge to, men fekk ikkje svar. 
Rett etterpå ringte Torgeir opp att. Vilde hadde dåtte i barnehagen og fått skikkelig kutt i panna. Eg vart heilt skelven og pulsen steig. Eg klarte å få samla sammen tinga mine og satt meg i bilen. Heile kroppen skalv på vei opp, og veien frå sentrum opp til barnehagen har aldri vore so lang før! 

Når eg kom inn i barnehagen vart eg møtt av ped.leiar som sa at ting hadde roa seg, og at blødninga var stoppa. Men at dei hadde ringt legevakta så dei venta på oss.. Vilde satt på fanget til ein assistent med blod i fjeset og såg heilt medtatt ut. Etter en liten prat så tok eg med meg Vilde og kjørte ned på legekontoret.
 Der vart vi tatt i mot med en gang, og vist inn på skifterommt. Ei kjekk dame kom å vaska Vilde litt, og fekk tatt av plasteret. Vilde var veldig redd, og lite villig til å la dinne dama ta på ho. Men med litt overtaling og gode ord, så fekk vi av plasteret. 



Vi vart sittande litt å vente på legen, og Vilde ville helst reise heim att. Når legen kom så vart eg veldig letta, for inn døra så kom Torhild. Ho kjenner Vilde og tok seg tid til å prate litt med Vilde før vi satte i gang. Ho bestemte seg for å lime såret, og det er det grusomaste eg har vore med på. Eg måtte tviholde Vilde mens dei to klemte sammen såret og fekk limt det. Vilde hylte, og var kjempe redde. Men heldigvis var det fort gjort, og raskt over. 


Etter vi var ferdig med legen så tok vi turen på leikebutikken for å kjøpe en premie til flinkaste vennen min! ;)




Vilde vil helst ikkje ha nåke snakk om såret i panna si, og blir litt irritert når folk skal nevne det. Men det virka ikkje som om det plaga ho nåke særlig, eller at ho har spesielt vondt i panna. Ho er sitt vanlige, aktive sjølv, med godt humør og prata like mykje som alltid. Einaste når vi skal ha av og på gensarar, så er ho litt nervøs.
Det blir spennande å sjå kor det ser ut når ho får av plasteret og det er begynt å gro skikkelig. Lisje piraten min :)

1 kommentar:

  1. Off, stakars lita. Og stakkars dej. Pyton når sånt skjer.

    SvarSlett