torsdag 28. mars 2013

Hyttetur :)

Neste plan for påskeferien vår var ein liten tur på hytta. Eg fekk sove lenge, og stod opp til nysteikte bollar. Vi kosa oss med en god frokost før vi pakka sammen tinga våre og pakka i bilen. Vilde fekk ta av plasteret på såret i panna i dag, og det ser veldig bra ut. Håpe det blir eit fint diskre arr til slutt :) 


Når vi kom opp på hytta så var oldemor og oldefar der. Vilde var litt sjenert i begynnelsen, men det tok ikkje lang tid før ho var varm i trøya. Det var kjekt å sjå dei igjen, altfor lenge sida sist. Vilde synes det var ekstra stas at oldefaren hadde samme tjukkegensar som hinne, og ho nevnte det opptil fleire ganga. 


Etter ei stund med kos i solveggen, så spende vi på oss ski for ein liten skitur oppafor hytta. Planen vår var egentli å gå opp på Bjønnanakken, men det vart for bratt med pulk, så vi måtte snu eit stykke opp i bakken. Men eg fekk no vertfall prøvd å gå oppover på ski, og det gav virkelig meirsmak. Eg synes faktisk det var kjekt å renne nedover også, sjøl om det ikkje gjekk så fort. Eg rende med fellane på nedover og eg, må øve meg litt før eg tar dei av. Øvelse gjer mester :) 


Resten av dagen var tilbrakt uttafor hytta i sola og fineveiret. Vi kosa oss med vafler, og pølser til middag. Vilde leika seg i snøen og lagde både kaker og slott i snøen :) 



 Vi tok med oss vaffelhjernet ut og steikte vafler i sola.


 Det er ikkje så lurt å spade snø samtidig som vi steike vafler :)



 Litt kveldskos før en legge seg :)


Dagen etter våkna vi til overskya og snø i lufta. Så vi kosa oss litt inne, før vi pakka sammen og reiste heim att! ;)

God frokost før vi reiste heim :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar