søndag 17. februar 2013

Helga snart over..

Da er helga snart over for dinne gang, eller det vil sei..vi teke en ekstra dag med helg dinne gongen. Vilde var så uheldig å få spysjuka i går kveld, så ho er i karantene frå barnehagen i morga! Så då skal eg og ho vere heime for å ta i mot tante Kristin! :)

I går hadde vi en veldig kjekke dag, heilt fram til klokka 18 vertfall :)
Vi begynte dagen med bading i varmtvannsbassenget på sjukehuset! Veldi kjekt, og Vilde storkosa seg der. Vi hadde avtalt med Cathrin og Eirill at dei skulle vere med, og det var veldi kjekt å sjå dei igjen! Av erfaring så veit eg at eg til å at en ikkje får verdens beste tid til å prate i lag når en er i bassenget, så vi inviterte dei opp til oss på lunsj! Jentene leika seg fint i lag, og eg og Cathrin satt å prata. Det er altfor lenge sida vi har sett kvarandre, og da gjer det ekstra godt når vi finne tid til det! Sjøl om eg tenke ofte at vi skal ta turen å besøke dei, så virka det å reise til Ørsta etter jobb som ei amerika-reise! Men no har eg fått Cathrin-påfyll, og vi har en plan for neste treff :)

Etter at Cathrin og Eirill var vekk, så kledde vi på oss varme klede og kjørte opp mot Reset. Planen var å gjennomføre min første tur på ski på hundre år, vertfall ti år :) Eg grudde meg skikkelig, og kommanderte Torgeir til å finne ei løype uten nedover og oppoverbakke :)
Eg spente på meg skia og Torgeir spente på seg ski og pulk, og so satte vi avgårde! Og ken skulle trudd det, men eg synes faktisk det var veldig kjekt. Og best av alt, eg datt ikkje en einaste gang :)
Einaste som mangla var sola, men fordelen med at det var overskya var at der ikkje var so mange folk i løypene :)


Etter en deilig tur på ski var det avslapping resten av kvelden. Torgeir hadde handla inn biff og fløtegratinerte poteter som vi skulle kose oss med etter snuppelina hadde lagt seg. 
Meeen, det vart ikkje heilt som vi hadde planlagt! 
Rett før barnetv vart Vilde skikkelig dårli og spydde ut stuegolvet for første gang, og de vart ikkje siste gang for å sei det sånn. 

Så den koselige middagen eg og Torgeir skulle ha hatt, vart erstatta med eit hastemåltid mens Vilde sov litt på sofaen! 
Men sjøl om det ikkje vart heilt som planlagt, så var det nyyydelig godt! :) 

Etter en laaang kveld, og ei laaang natt, så våkna heldivis Vilde opp i mykje bedre form. Ho har hatt litt feber i dag, så vi har holdt oss innendørs og kosa oss! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar