tysdag 5. februar 2013

Helg, snø og Ylvis

Eg har mykje å fortelle, men so lita tid. Dagane flyr avgårde fortare enn eg klare å henge med:) 
Dagane mine består av jobb, kvalitetstid med Vilde og Torgeir, middag, legging av frøkna, litt avslapping på sofaen, trening, litt meir jobb og soooving :) 
Så eg prøva så godt eg kan å nyte helgene, og tenke minst mulig på ting som BØR gjerast og heller gjere ting som eg har LYST til.

Etter jobb på fredag, så gjekk vi ut ein tur. Det er komt snø, så da må akebrettet og skia testast. Vilde synes definitivt det var kjekkast med akebrett, men ho prøvde no skia og! 


Lørdagen stod vi tidlig opp, som kvar dag. Ingen forskjell på mandag eller lørdag her i huset. Men heldigvis har eg ei jente som er veldig flink å leike seg på morningane slik at mora får kvile seg på sofaen. Det er egentli veldig kjekt å ligge på sofaen å sjå på kor ho styra seg med alle leikane sine, sjøl om eg skulle ønske klokka var eit par timar seinare. Men det gjelde å sjå det positive i ein kvar situasjon :)

Vi vekte pappsen og pakka koffertane våre, for vi skulle en tur til Eid for å besøke besta og tante Kristin. Men først tok vi oss ein tur i svømmehallen. Det er veldig kjekt å sjå kor mykje tøffare ho er blitt sida sist. No "svømte" ho, hoppa fra kanten, dukka fjeset under vatn og hadde det skikkelig kjekt! :) 
 
 Litt måking før vi kom oss avgårde;)




Det var en veldig kjekke time i svømmebassenget, med ei mindre kjekke avsluttning. Vilde hadde bestemt seg for at ho ville bade lenger, så det endte med at eg måtte dra med meg i hylande og sparkande Vilde ut av bassenget. Kjekt! Ei sur og grinete Vilde i dusjen, og ei trøtt og leide ei i garderoba. Heldigvis var der ei kjekke dame som hadde med seg nokre rosiner til sonen sin, og dei var så kjekke å dele litt med Vilde. Så vi kom oss i heilskinna ut av garderoba, til slutt! Note to self: Ha med rosiner eller anna snacks til garderobe-tida! :) 

Vel inn i bilen så henta vi Jan Erik, som skulle sitte på til Eid, og so susa vi avgårde! :) 
Vel framme så var vi innom tanta på jobben, ei lita shoppingrunde og ein tur på kafe! :) 
Det er alltid like kjekt å vere heime på Eid og bare slappe av, treffe folk en ikkje ser så ofte og kose seg i lag med familien. 

På ettermiddagen gjor eg og Torgeir oss klare til ein tur til Måløy. Før jul bestilte vi nemmelig billettar til Ylvis-show, og plutselig so var dagen der! Vi kjørte ut på Hauane for å møte Stine og Øystein, og so kjørte vi i lag ut! Det var eit veldig kjekt show som gikk altfor fort, følte nesten at vi nettopp hadde satt oss ned når det var over. Eg lo godt eit par ganga, og det var det fleire i salen som gjorde! 







En ting eg ikkje heilt ser poenget med er å drikke seg so driiitings at en kjem ravande inn i lokalet, og mest sannsynlig ikkje huskar noko av showet dagen etterpå. Greitt nok å kose seg med ei øl eller tre, men det er no kjekt å huske Ylvis når en først får mulighet til å sjå eit show live :) 
Når vi kom inn att på Hauane, så vart vi med Stine og Øystein inn ein liten tur for litt sosialt samvær! Veldig kjekt å prate med Stine mi igjen, det blir så altfor sjeldent. Men no har vi laga oss en date om tre veker, så det gleda eg meg stooort til! :) 

Sida eg er så heldig å ha ei so kjekke syste, så fekk eg sove lenge på søndag. For tante Kristin stod opp i lag med Vilde! Tusen takk for de :) 
Resten av søndagen gjekk med til familiebesøk...


.... og midddag før vi måtte sette kursen heim att til Volda. Helgene blir altfor korte! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar