tysdag 12. februar 2013

Bakemester :)

På lørdag starta dagen tidli for vår del, og etter at vi hadde sendt pappsen på tur til Stranda for å stå på ski, så bestemte eg og Vilde oss for å bake bolla. Vilde er veldig glad i å bake, og spørr ofte om ikkje vi kan bake litt. Eg må innrømme at eg er altfor dårlig til å få tid til det, men da er det ekstra kjekt dei gangane vi faktisk gjer det! 
Dinne gongen var det fastelavensbollar som stod for tur. Vilde var flink å tømte alle ingrediensane ned i bollen og passa nøye på mens Kenwooden blanda i hop deiga! :)

Vilde in action! :) 
(ja, morgensveisen er fremdeles på plass sida klokka ikkje er meir enn halv 9, og mora ikkje har funne fram børsta enda)

Så var det litt leik i stova mens deiga heva seg. Etter ei god stund var det endelig tid til det kjekkaste, å bake ut bollane! :) 

 Bakemester Vilde :) 

video
 Det er viktig med en liten sang når en baka :)

Til lunsj den dagen kosa vi oss med nystekte bollar :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar