torsdag 31. januar 2013

Uten bleie

Eit lite skryteinnlegg av den flotte frøkna mi! :) 
Ho har lenge ytra ønske om å få lov å droppe bleia, og bare gå med truse! Det har ho så klart fått lov til medan vi har vore heime, men det har ikkje vore like vellykka. Vi har sendt ho på do med jamne mellomrom uten at det har komt noko tiss i doen, for so å tisse på golvet to sekund etterpå. Vilde blir like frustrert og lei seg kvar gang det skjer, og vil ha på bleie med en gang! Ho har veldig lyst, men har ikkje vore 100% klar for det enda. Men greitt å kunne øve seg litt mens en er heime :)

Men i dag gjekk det mykje bedre! :) 
Ho fekk på seg truse, tissa på do og hadde ingen uhell heile ettermiddagen. 
Flinke lisje-store jenta mi:) 
Det ser ut som om det går rette vei. Eg ser ingen vits i å presse ho til noko, men så lenge ho har lyst å gå i truse heime så skal ho få lov til det :) 


Og Vilde har noken rare preferansa når ho skal ha på seg truse. 
Det første ho sa var vel at når man hadde på truse, så kunne en ikkje ha på lesta. 
(det har besta funne ut at kan vere for at når ho tissa seg ut, så blir ho våt på lestane. Så ved å ha av lestane, så slepp ho at dei blir våte)

Det andre ho har begynt med no er at når man har på truse, så må man også ha på seg t-skjorte! :)
Og det er VEEEELDIG kjekt å ha samme som pappa. (han går alltid i t-skjorte) 

Ho er ei artig ei ho der, men får håpe ho ombestemme seg angåande lestane og t-skjorta før ho slutta heilt med bleier, ellers kan det bli kaldt for ho midt på vinteren :)


1 kommentar:

  1. Om vinteren kan man jo drage opp armane på ullskjorta når man e inne ;)
    Men guriland kor flinke ho e:) Her e det so vidt at han gjer noke på do, når han seie han vil sitte der... Trur ej må verte flinkare der, når han hinn verte litt mindre mammakrevande :p

    SvarSlett