onsdag 23. januar 2013

Kveldstur og brødbaking

I dag var ikkje humøret det beste når eg henta Vilde i barnehagen. 
Ho var gretten og trøtte, og alt eg gjorde var feil.

Når vi kom heim så måtte eg lage middag, men det var ikkje populært. "Itte middag mamma, ej vil itte haa". Så da frista eg med litt druer og barnetv, så eg fekk kaste i hop en lett gryterett. Men det skulle ikkje lille frøken Vilde ha, neida. Ho ville så klart ha druer til middag! Prøvde å forklare at viss ho kun åt druer så fekk ho vondt i magen, men det øret ville ikkje ho høre på. Eg fikk lurt i ho litt gryterett og litt kvitløksbaguett. Og måtte sei meg fornøgd med det! :) 

Så etter middagen var rydda av bordet, kledde vi på oss og gjekk ut i kulden. Vilde synes det var kjempe kjekt med refleksvest. 



Men ho synes egentli det var litt mørkt og bestemte seg for å gå inn å hente lommelykta si. Så vi gjekk oss ein fin tur med refleksvest og lommelykt.



Vi møtte på ein hund litt bort i veien her, og sjøl om den var et stykke unna, så vart lisje pysa mi livredde. Eg prøvde å sei til ho at den ikkje var farlig, og at den var langt unna. "Men den ser på mej". Uffa meg, kva eg skal gjere med ho der :)

Hunden vart raskt gløymt når vi møtte han Sigurd bort i gata. Han hadde vore å handla og ville gjerne vise oss kva han hadde kjøpt. Mens eg og Øystein (pappaen til Sigurd) stod å prata litt, så vart det både tøys og latter frå dei to små. Veldi kjekt med gode venna :) 
Det vart litt kaldt, så eg og Vilde fortsatte turen vidare! Vi var bort å såg etter tante Kristine og onkel Robert, men der var mørkt og Vilde konkluderte med at dei var på trening! :) 

Vi var gode og kalde når vi kom inn att, så det var godt at pappsen hadde fyrt godt i peisa til oss. Han sjøl reiste på trening i det vi kom inn døra, så vi jentene bestemte oss for å bake brød. 
Vilde synes det er veldi kjekt å bake, så ho fekk så klart hjelpe til! Ho knadde deig, rulla ut brød og knadde dei på plass i brødforma. Kjempe flinke var ho! :)






Flinke husmor mi:)


Vilde hadde desverre lagt seg når brøda var ferdige, så ho fekk ikkje nyte det nysteikte resultatet! Men eg og Torgeir kosa oss med nysteikte brødskiver. Det er sååå godt :)

No er det Big Bang Theory før eg skal finne senga! :)
I morga er siste jobbdagen dinne veka, for vi reiser til Kvitfjell i helga! :) 

2 kommentarer:

  1. Guri malla kor herlig!
    vi e litt for dårlige til å gå ut etter barnehagetid, kanskje det blir litt lettare når vi kan legge lisjebroren i vogna, for no skal han berre ha mat når storebroren kjem frå bhg.
    Håpe dokke he det knallartig på Kvitfjell!

    SvarSlett
  2. Tenkte på dokke før i veka, so søren at vi ikkje var heime da! :) Lenge sida vi he sett Vilde-snuppa!! Vi jobba seint begge to, so vi var nok på jobb ;)

    SvarSlett