tysdag 1. januar 2013

Flinkaste farmora mi :)

Eg må bare vise dåkke to av julegavene vi åpna på julafta! Eg/vi er så heldige å ha ei farmor som er en racer på å strikke. Kvar bursdag/jul så er eg like spent på om der kjem nåke heimelaga, og i år var det Vilde og Torgeir som var det heldige! :) 

Vilde fekk masse hærlige klede til dukkene sine:
Eit gult sett (bukse, jakke, sokkar og hue), eit blått og kvitt sett (jakke, skjørt og skaut), ein lilla kjøredress og eit nydelig lilla stripete pledd:) 

og en nydelig heimestrikka bunad (som eg forøvrig har ønska meg til ho):
Ja, nei..det er ikkje lett å ta bilde av en øsen toåring med bunaden på. Den var litt stor, men det gjer ingenting. Da vare den lenger, og ho har litt å vokse i :) Eg gleda meg allerede til å ta den i bruk :)

Og Torgeir fekk verdens kulaste Ugle:
Før har vi brukt å ha tennbrikettane i ei isboks inn i ovn-skapet. Men ikkje no lenger...no står dei framme, gjømt inn i verdens kulaste ugle :) 

Vi er så heldige som har ei so flinke og ikkje minst kjekke farmor/oldemor! :) Tuuusen takk!!

2 kommentarer:

  1. Guri malla kor mykje flott dokke he fått =)
    Du he all grunn til å vere stolt :)
    Tek du over jobben hinna? =)

    SvarSlett
  2. Så fine strikka ting dere har fått.
    vi er heldigvis å heldige å har ei strikke gla og flink farmor.

    SvarSlett