måndag 21. januar 2013

Eidahelg :)

I helga har vi vore ein kort tur heime på Eid. Sida eg hadde seinvakt på fredag, så reiste ikkje vi til Eid før tidlig lørdagsmorning. 
Vi begynte dagen med en god dusj, før vi vekte pappsen og satte kursen mot Eid. 


Vilde gleda seg heile bilturen til å treffe Kaila og Amalie, og uansett kor mykje eg prøvde å fortelle ho at dei ikkje var der så ville ikkje ho høre på meg. Så eg regna med der vart ei skuffa frøken når vi kom fram. 

Når vi kom fram så møtte vi mamma på kafè, nåke Vilde synes var kjempe stas :) Ho fekk seg svele og milkshake med besta :) 


Vi fekk og også ei lita handlerunde. Vi fekk gavekort på Kala med bestemor og systene mine, så vi var innom der å kjøpte oss 12 middagstallerka frå det servicet vi samla på.


 Og so var vi innom Cubus og handla litt på salg, Vilde fekk seg blant anna ei ny vinterjakke. 
Siste stopp på handlerunda var leikebutikken. Vilde hadde veldig lyst på en elefant, en giraff, en bjørn, oooog en...ja, en av kvart dyr. Men eg klarte å snu tankegangen litt, så vi gjekk ut av butikken med Play Doh i steden :) 





Resten av lørdagen gjekk med til å slappe av, og kose oss i lag med familien! Vilde hang i hælane på tante Kristin og ekstra stas var det når ho fekk besøk av ei venninne. Dei gjekk inn på rommet, og Vilde følgte etter.
Etter Vilde hadde lagt seg, så reiste Kristin i bursdag og vi andre låg på kvar sin sofa og sløva fram til det var på tide å legge seg :)

Søndag begynte tidli for min og Vilde sin del. Heldivis er Vilde begynt å interessere seg for barnetv, så det vart en rolig morgen med litt barnetv-sjåing og litt leik. Det er veldig greitt å vere på besøk med mamma/besta, for da er leikane så spennande :)
Når alle var komt seg ut av sengene sine, kledd på seg og ete frokost, så reiste vi ned til oldemora (bestemora mi). Der var Ann Inger og Per Magne, og etter kvart kom Lise og Rune. Så da fekk vi helst på heile familien når vi først var heime.
Oldemora diska opp med vafler og boller, og Vilde meldte seg som hjelpar. Ho hjalp til med å bære inn både pålegg og vafler. Samtidig som ho stod på kjøkkenet og smugspiste nysteikte vafler :)

Når vi kom heim var Vilde super trøtt, så da fekk ho kvile seg litt på sofaen. Og mens ho sov så lagde mamma heimelaga kjøttkaker. Det var godt det, eg kollapsa på sofaen etter mate, og der vart eg liggande til det var på tide å reise heim til Volda! :) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar