torsdag 31. januar 2013

Uten bleie

Eit lite skryteinnlegg av den flotte frøkna mi! :) 
Ho har lenge ytra ønske om å få lov å droppe bleia, og bare gå med truse! Det har ho så klart fått lov til medan vi har vore heime, men det har ikkje vore like vellykka. Vi har sendt ho på do med jamne mellomrom uten at det har komt noko tiss i doen, for so å tisse på golvet to sekund etterpå. Vilde blir like frustrert og lei seg kvar gang det skjer, og vil ha på bleie med en gang! Ho har veldig lyst, men har ikkje vore 100% klar for det enda. Men greitt å kunne øve seg litt mens en er heime :)

Men i dag gjekk det mykje bedre! :) 
Ho fekk på seg truse, tissa på do og hadde ingen uhell heile ettermiddagen. 
Flinke lisje-store jenta mi:) 
Det ser ut som om det går rette vei. Eg ser ingen vits i å presse ho til noko, men så lenge ho har lyst å gå i truse heime så skal ho få lov til det :) 


Og Vilde har noken rare preferansa når ho skal ha på seg truse. 
Det første ho sa var vel at når man hadde på truse, så kunne en ikkje ha på lesta. 
(det har besta funne ut at kan vere for at når ho tissa seg ut, så blir ho våt på lestane. Så ved å ha av lestane, så slepp ho at dei blir våte)

Det andre ho har begynt med no er at når man har på truse, så må man også ha på seg t-skjorte! :)
Og det er VEEEELDIG kjekt å ha samme som pappa. (han går alltid i t-skjorte) 

Ho er ei artig ei ho der, men får håpe ho ombestemme seg angåande lestane og t-skjorta før ho slutta heilt med bleier, ellers kan det bli kaldt for ho midt på vinteren :)


onsdag 30. januar 2013

Minnie mus :)

Vilde fekk seg ny gensar i posten i dag :) Minni Mus er veldig poppis her i huset, så gensaren falt i smak. Ho ville helst sove i den i natt, men ho tok den av så lenge eg lovte at ho fikk ha den på i barnehagen i morga :)

Ho var ikkje heilt villig til å la seg fotografere, så protest-munnen er på plass :)

onsdag 23. januar 2013

Kveldstur og brødbaking

I dag var ikkje humøret det beste når eg henta Vilde i barnehagen. 
Ho var gretten og trøtte, og alt eg gjorde var feil.

Når vi kom heim så måtte eg lage middag, men det var ikkje populært. "Itte middag mamma, ej vil itte haa". Så da frista eg med litt druer og barnetv, så eg fekk kaste i hop en lett gryterett. Men det skulle ikkje lille frøken Vilde ha, neida. Ho ville så klart ha druer til middag! Prøvde å forklare at viss ho kun åt druer så fekk ho vondt i magen, men det øret ville ikkje ho høre på. Eg fikk lurt i ho litt gryterett og litt kvitløksbaguett. Og måtte sei meg fornøgd med det! :) 

Så etter middagen var rydda av bordet, kledde vi på oss og gjekk ut i kulden. Vilde synes det var kjempe kjekt med refleksvest. 



Men ho synes egentli det var litt mørkt og bestemte seg for å gå inn å hente lommelykta si. Så vi gjekk oss ein fin tur med refleksvest og lommelykt.



Vi møtte på ein hund litt bort i veien her, og sjøl om den var et stykke unna, så vart lisje pysa mi livredde. Eg prøvde å sei til ho at den ikkje var farlig, og at den var langt unna. "Men den ser på mej". Uffa meg, kva eg skal gjere med ho der :)

Hunden vart raskt gløymt når vi møtte han Sigurd bort i gata. Han hadde vore å handla og ville gjerne vise oss kva han hadde kjøpt. Mens eg og Øystein (pappaen til Sigurd) stod å prata litt, så vart det både tøys og latter frå dei to små. Veldi kjekt med gode venna :) 
Det vart litt kaldt, så eg og Vilde fortsatte turen vidare! Vi var bort å såg etter tante Kristine og onkel Robert, men der var mørkt og Vilde konkluderte med at dei var på trening! :) 

Vi var gode og kalde når vi kom inn att, så det var godt at pappsen hadde fyrt godt i peisa til oss. Han sjøl reiste på trening i det vi kom inn døra, så vi jentene bestemte oss for å bake brød. 
Vilde synes det er veldi kjekt å bake, så ho fekk så klart hjelpe til! Ho knadde deig, rulla ut brød og knadde dei på plass i brødforma. Kjempe flinke var ho! :)






Flinke husmor mi:)


Vilde hadde desverre lagt seg når brøda var ferdige, så ho fekk ikkje nyte det nysteikte resultatet! Men eg og Torgeir kosa oss med nysteikte brødskiver. Det er sååå godt :)

No er det Big Bang Theory før eg skal finne senga! :)
I morga er siste jobbdagen dinne veka, for vi reiser til Kvitfjell i helga! :) 

måndag 21. januar 2013

Eidahelg :)

I helga har vi vore ein kort tur heime på Eid. Sida eg hadde seinvakt på fredag, så reiste ikkje vi til Eid før tidlig lørdagsmorning. 
Vi begynte dagen med en god dusj, før vi vekte pappsen og satte kursen mot Eid. 


Vilde gleda seg heile bilturen til å treffe Kaila og Amalie, og uansett kor mykje eg prøvde å fortelle ho at dei ikkje var der så ville ikkje ho høre på meg. Så eg regna med der vart ei skuffa frøken når vi kom fram. 

Når vi kom fram så møtte vi mamma på kafè, nåke Vilde synes var kjempe stas :) Ho fekk seg svele og milkshake med besta :) 


Vi fekk og også ei lita handlerunde. Vi fekk gavekort på Kala med bestemor og systene mine, så vi var innom der å kjøpte oss 12 middagstallerka frå det servicet vi samla på.


 Og so var vi innom Cubus og handla litt på salg, Vilde fekk seg blant anna ei ny vinterjakke. 
Siste stopp på handlerunda var leikebutikken. Vilde hadde veldig lyst på en elefant, en giraff, en bjørn, oooog en...ja, en av kvart dyr. Men eg klarte å snu tankegangen litt, så vi gjekk ut av butikken med Play Doh i steden :) 





Resten av lørdagen gjekk med til å slappe av, og kose oss i lag med familien! Vilde hang i hælane på tante Kristin og ekstra stas var det når ho fekk besøk av ei venninne. Dei gjekk inn på rommet, og Vilde følgte etter.
Etter Vilde hadde lagt seg, så reiste Kristin i bursdag og vi andre låg på kvar sin sofa og sløva fram til det var på tide å legge seg :)

Søndag begynte tidli for min og Vilde sin del. Heldivis er Vilde begynt å interessere seg for barnetv, så det vart en rolig morgen med litt barnetv-sjåing og litt leik. Det er veldig greitt å vere på besøk med mamma/besta, for da er leikane så spennande :)
Når alle var komt seg ut av sengene sine, kledd på seg og ete frokost, så reiste vi ned til oldemora (bestemora mi). Der var Ann Inger og Per Magne, og etter kvart kom Lise og Rune. Så da fekk vi helst på heile familien når vi først var heime.
Oldemora diska opp med vafler og boller, og Vilde meldte seg som hjelpar. Ho hjalp til med å bære inn både pålegg og vafler. Samtidig som ho stod på kjøkkenet og smugspiste nysteikte vafler :)

Når vi kom heim var Vilde super trøtt, så da fekk ho kvile seg litt på sofaen. Og mens ho sov så lagde mamma heimelaga kjøttkaker. Det var godt det, eg kollapsa på sofaen etter mate, og der vart eg liggande til det var på tide å reise heim til Volda! :) 



onsdag 16. januar 2013

Rosa og glitter

Pakke i posten er nåke av det kjekkaste som finst, og i dag var det Vilde som var den heldige! 
Ho fekk seg ein rosa, glitrande wallsticker til å ha på døra til rommet sitt! :) 

Vilde synes det var super stas å ha navnet sitt på døra , 
og når det var rosa, glitrande i tillegg så vart det perfekt! :)

tysdag 15. januar 2013

Bake brød :)

Eg har fått eit par forespørsela om eg ikkje kan legge ut oppskrift på brøda eg laga hin dagen, og det kan eg så klart! Det er ei fryktelig enkel oppskrift :) 

1 pk kornbrød (1-2-3 pakke)
1 kg kveitemjøl
2 pk tørrgjær
150 gr smelta smør
ca 1,3l vatn
1 egg

La deiga heve i 1 time. Rull ut 4 brød og ha dei i form, la dei heve i 30 minutt til. Pensl dei med litt vatn. Steik dei i 40 minutt nederst i ovnen på 200 grader :) 

  Voila :)

søndag 13. januar 2013

Frisk luft

Sjøl om det er isande kaldt ute så er det nydelig flott veir! Sola som titta så smått over Rosethornet, blå himmel og heeilt vindstille. 
Vi skulle ned på Roset i dag og hente nåken OleBrum-leikekasser til Vilde, og i steden for å ta bilen så pakka vi på oss mykje klede og tok beina fatt :) 


Det var egentli veldig deili å komme seg ut, men ned på Roset var det utruli kaldt. Vi fekk henta leikekassene og begynte på turen heim att. Vi stopp en liten tur på stadion og såg på tre svana som var ut på vatnet. 


Vilde vart sleta og trøtt på vei heim att, så siste stykket var eit lite mareritt. Ho var sure, eg vart sure..og vi bare hasta oss heim att. God trim da i det minste :) hehe.. 

Når vi kom heim att så kollapsa Vilde på soafen, ho sovna på tre sekund. Og ho som egentli har slutta å sove på dagtid. Men det gjorde godt med ein liten powernap! :) 


No skal eg straks vekke ho og begynne på middagen. I dag blir det ball:) yumyum..

Vellykka brød :)

Etter mitt misslykka forsøk på å bake brød tidlegare i veka, så måtte eg gjere eit nytt forsøk. 
Eg snakka med ei på jobb og fekk gode råd, så eg starta med bakinga med godt mot. 

Deiga klar til heving, og eg var meget spent på kor ditte kom til å gå :) 

Woooow, den hevde litt vel mykje. Burde kansje hatt ein større bolle ja :) 

Eg klarte det!! :) 
Juhuu, gode og luftige brød som smakte himmelsk! Ja, eg skryyyte av meg sjøl! :) 

Ditte skal eg virkelig gjere fleire ganga! :)


onsdag 9. januar 2013

Bakemester Veronika :)

På søndag var vi på besøk med Cindy og Ronny. Cindy hadde lovt Torgeir gulerotkake til bursdagen, men sida han har bursdag to daga før julafta så vart ikkje det tida den dagen. Så i går hadde ho laga gulerotkake, og invitert oss på kakeeting. Når vi kom inn døra så slo nybakt-lukta mot oss, og det viste seg at Cindy holdt på å bake brød når vi kom. Deili! :) 

Eg vart so "inspirert" at i dag bestemte eg meg for å prøve det samme. Eg fekk ei nydeleg oppskrift på grove rundstykker med ei på jobb, og ho sa at samme oppskrifta var nydelig god til brød også. Så da var saken lett, eg skulle prøve meg på å lage brød, for aller første gang! :) 

Eg er ikkje nåke særlig til husmor. Eller det vil sei, eg synes det er veldi kjekt å bake og lage ting på kjøkkenet, men det er ikkje alltid det eg laga er like enig med meg. Og sånn vart det dinne gangen og! Eg såg det allerede før eg baka ut brøda at ditte her vart totalt misslykka.. Men eg hadde no et ørlite håp! Det har seg nemmelig sånn at eg er ekspert på å DREPE gjæra sånn at ingenting heva. Og det trur eg var det som skjedde dinne gangen, for brøda kom ut av ovnen som nåken søte, små minibrød! 

Det ser no halveis lovande ut da :) 

Heilt til dei kom ut av ovnen! Eg trur brøda glømte å heve! :)

Men sjøl om det kansje ikkje såg so frykteli vellykka ut, så var smaken veldig god! 

 Eg og Torgeir kosa oss med nysteikte brød med heimelaga jordbærsylte og brunost på! :) 
Og Vilde blir nok superfornøgd med mini-skiver til frokost :)

Bedre lykke neste gang Veronika! :)

måndag 7. januar 2013

Konsert :)

Vilde er veldig glad i å synge og brukar store delar av dagane på å gjere akkurat dette.
 Ho har tre ulike bokser med SingSang-kort, og dei bruker ho mykje.
Ho bruker å samle alle bamsane sine og ha samling: 
"Ken vil trekke? Ka du fekk? Nemmen, ka song ditta e?" 

Her hin dagen hadde ho minkonsert i stova! :)
 Ho fant seg ei lommelykt og brukte den som mikrofon, stilte seg opp i vinduskarmen og begynte å synge: "På låven sitter nissen..". (lure på kor lenge vi må høre på julesonga her i huset) :) 


Det er ikkje så poppis med kamera her i huset for tida, 
men eg klare no å snik-fotografere ho i blant! :)

tysdag 1. januar 2013

Flinkaste farmora mi :)

Eg må bare vise dåkke to av julegavene vi åpna på julafta! Eg/vi er så heldige å ha ei farmor som er en racer på å strikke. Kvar bursdag/jul så er eg like spent på om der kjem nåke heimelaga, og i år var det Vilde og Torgeir som var det heldige! :) 

Vilde fekk masse hærlige klede til dukkene sine:
Eit gult sett (bukse, jakke, sokkar og hue), eit blått og kvitt sett (jakke, skjørt og skaut), ein lilla kjøredress og eit nydelig lilla stripete pledd:) 

og en nydelig heimestrikka bunad (som eg forøvrig har ønska meg til ho):
Ja, nei..det er ikkje lett å ta bilde av en øsen toåring med bunaden på. Den var litt stor, men det gjer ingenting. Da vare den lenger, og ho har litt å vokse i :) Eg gleda meg allerede til å ta den i bruk :)

Og Torgeir fekk verdens kulaste Ugle:
Før har vi brukt å ha tennbrikettane i ei isboks inn i ovn-skapet. Men ikkje no lenger...no står dei framme, gjømt inn i verdens kulaste ugle :) 

Vi er så heldige som har ei so flinke og ikkje minst kjekke farmor/oldemor! :) Tuuusen takk!!

Jula 2012 :) (innlegget skrevet i går, 31.12.12)

Det har vorte lite blogging på meg i romjula, men eg har faktisk ikkje ofra det en tanke. Eg har bare kost meg i lag med familie og venner, og virkeli nytt det å ha fri i 12 daga i strekk! :)

Vi feire julafta på Eid i år, ilag med mamma, systene, tantegulla mine og bestemor. Og vi fekk utrulig mykje fint alle sammen, eg er heilt overvelda. Vi var ned med bestemora mi og feira julafta, og planen var å legge ungane der. Men ingen av dei tre glade, øsne jentene hadde en plan om å legge seg, så dei holdt ut heile kvelden! Ingen surmuling, kun glade jenter som var veldig fornøgd med alle gavene sine :)


Vi tilbrakte eit par koselege dagar på Eid uten dei altfor store planane, vi tok litt sånn som det passa seg og i det tempoet vi sjøl ville. Kjempe deilig å ha muligheten til å nyte dagane på den måten, og eg kjenne det gjorde godt langt inn i sjela. Eg skal leve lenge på disse dagane :)


Vel heime i Volda så var det å pakke ut alle gavene, sjå om ein fekk plass til alt det nye som vi har fått. Og so fortsette å nyte den rolige, deilige romjula.

I dag har vi kosa oss med god frokost, togbane og Nemo-film på tv`en! :) Kjempe deili :)

No gjekk han Torgeir i dusjen, så det er vel på tide å få på oss finstasen og ta turen ned til svigers :)

Eg ønsker alle eit riktig godt nytt år, og sender dei alle beste ønsker for det komande året :)